Come on feel the Gesundheit! Eller: Sjå kven eg traff på her om dagen! Eller: Harald rapporterer frå Berlin! Eller: Slutt å rope!

Skrive av Harald den 26. oktober 2005

Nesten, men ikkje fullt, to månader skulle det altså ta før den utanlandske Vengen fekk kasta seg rundt og posta ein post. Og det for å skrive, øh, kva var det igjen? Eigentleg skal eg vel berre gi eit livsteikn, eg reknar med at “alle” i det gamle landet går på veggane av undring over kva som skjer i den tyske hovudstaden. Eller iallfalll i nærleiken av den tyske hovudstaden, sidan eg bur halvvegs til Potsdam. Det burde óg vore ein film- eller boktittel, kjenner eg: “Halvvegs til Potsdam”, det nye eposet frå Aina Zachariassen. Naja, alt går bra, må ein kunne ytre, så om det skulle vise seg at akkurat du er godt igang med ei bachelorgrad i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, kan eg anbefale eit semester ved Freie Universität zu Berlin. Eg kunne jo fortalt over opptil fleire avsnitt her, men det er kanskje best å ikkje gå i enkeltheiter, ettersom desse ikkje er så interessante i seg sjølv.

Eg må likevel få skryte (til dei som bryr seg) av at eg var på Sufjan Stevens-konsert forrige veke. Den oppvakte lesar (dei som kjenner seg utpeika får klappe seg sjølv på skuldra) veit dette allereie. Det ideelle hadde vore å poste eitt av dei bileta eg tok med mitt flunkande nye Finepix F10 denne kvelden. Reint bortsett frå at dei bileta eg tok ikkje gjekk an å sjå på, var dette ein god idé. Eg satsar på å komme sterkt tilbake med nokre herlege *blinkskot* ved eit høve i ikkje altfor fjern framtid. Den som maktar å halde nervane i sjakk, får sjå. Kanskje kjem det fleire brennande interessante postar seinare i år.

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

5 kommentarar til “Come on feel the Gesundheit! Eller: Sjå kven eg traff på her om dagen! Eller: Harald rapporterer frå Berlin! Eller: Slutt å rope!”

  1. 1wannabewriter
    oktober 26th, 2005 @ 17:19

    Heija utanlandsfarar, heija. Det er klart vi ventar i spaning på historier frå Tyskland. Eg trur jo framleis det er andre verdskrig der, og at muren eigentleg aldri fall/ vart riven. Eg treng kunnskap, og eg lurar på korleis det er å vere student i dette forgjetta landet. Sleng på bilete neste gong du postar, så eg får sjå kor stor du er blitt.

  2. 2Harald
    oktober 28th, 2005 @ 15:27

    Kjenner meg forplikta til å legge inn ein fotnote: Potsdam er altså ein liten by litt utanfor Berlin. Når eg tar S-Bahn heimover tar eg linje 1, til Potsdam Hauptbahnhof. Så det så. Og til Eli: Eg kan vise bilete, det er berre ein pikurande liten del av muren igjen. Gode greier.

  3. 3h
    oktober 28th, 2005 @ 16:23

    Herleg å sjå at ordet “enkeltheiter” er i bruk! Eg har høyrt mykje på kriminalhøyrespel i det siste (Sherlock Holmes og God aften, mitt navn er Cox), og der vert det slengt om seg med igløymebokagåtte ord.

    Sherlock Holmes, i NRK Radioteatret si drakt, er forøvrig særs underhaldande, mot. språk. Han snakkar litt slik Bård Tufte J. gjer når han skapar seg - med svært tydelige r’ar, t.d.

  4. 4Gisle
    oktober 29th, 2005 @ 10:29

    For min del likar eg å sjå at “å skape seg” framleis vert brukt. Eg lurar berre på ein ting Bror 2, kva er det Eli seier? Er du blitt tjukk?

  5. 5Harald
    oktober 31st, 2005 @ 12:09

    Ja, Gisle, det stemmer, eg har esa ut som Noticably F.A.T., og kan difor ikkje legge ut bilete av meg sjølv. For mykje Wurstchen og Bierchen, går eg utifrå. Og til Håvard: Eg tenkte kanskje at enkeltheiter var litt vel bokmålsaktig, men eg må seie eg er sympatisk innstilt til den type ord. Brødrene Alvestad, kor har det blitt av dykk?

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Alle gode ting er tre, men kven er best?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv