Som kjerringa på juleneket
Skrive av Eli den 25. oktober 2005
Eg har funne ei side på nettet som har utvalde sitat og ordtak frå heile den store, vide verda. Det er flott. Her kan ein verkeleg finne inspirasjon om det skulle skorte. Deler gjerne av ordtakflaumen.
“Ein kan stole på ei mor, sjølv om ho er ei hyene ”
“Evig solskin skapar ørken”
“Frå ein venns hund er ein stein som eit eple ”
Arabiske ordtak
“Vatnet skal nok finne veg”
Armensk ordtak
Vart du misunneleg på meg? Ikkje noko problem. Du kan oppleve verda du og
på
http://www.ordtak.no/index.php?fn=Armensk&en=ordtak
2 kommentarar til “Som kjerringa på juleneket”
1Arild
oktober 25th, 2005 @ 21:39
Kjekt å ha deg med, systa. Sjølv er eg for tida svak for uttrykket - “som julenissen på kjerringa” - veit ikkje kor eg har det frå.
2Gisle
oktober 29th, 2005 @ 10:35
Eg tek æra. Du har det frå meg. Eg trudde det var slik ordtaket gjekk i førstninga.
Skriv ein kommentar