Tekst & tanke
Skrive av Gisle den 7. oktober 2005
Såg nyss Istid att. Det er jo ein god film, rett og slett. Sjølvsagt fekk eg lyst til å laste ned songen med stemninga frå filmen etterpå, som eg har hatt lyst til kvar gong. Send me on my way er eg borti kvar gong eg spelar musikk no for tida, og vart deretter interessert i teksten. Kan nokon hjelpe meg? Eg skjønar ikkje at folk får Michael Glabicki sine lydar i teksten til å bli ord. På sida amiright.com finn eg at det er fleire som slit med teksten, som mannen som gjekk heim frå konserten og sang “simmie and the whale”. Eg er ikkje heilt uskarp, så eg klarar å finne tekst på nettet. Eg er berre spent på om det er det som er teksten. Kom gjerne ut frå skapet, alle de Rusted Roots fans!
Skriv ein kommentar