konsert
Eg skal på coldplay konsert i kveld. Håpar det vert kjekt;)
Det var den femte dagen, og det skulle bli så flott. Etter to månader på hotell, fir emånader i ein kjellar i førde utan altfor mykje sol eller dagslys i det heile, skulle guten og jenta flytte inn i leilegheita att. fredag sånn i fire- fem tida sa dei. Då skulle det vere vaska, og alle mennene med hammar rundt livet skulle ta helgefri. Det vart vi fortalt. Etter å ha sjekka ut av det fryktelege hotellet bar det rett til Annema for lunsj og venting. Vi visste vi kunne kome fem, men heldt oss vekke til seks. Det var den femte dagen, og det skulle bli så flott.
Men det vart det sjølvsagt ikkje. Ingen vask, ingen forståelse eller omsut hjå prosjektansvarleg heller. Det skal vere ein kamp. Men no sit eg her nydusja, fresh og fjong i leilegheita vår. Og den er rein. Vaska av meg til klokka tre natt til laurdag. Det skal vere ein kamp.

Biletet er teke av Ma. Eg har behandla det litt i etterkant, till exempel quickmask i PS. Eg fekk det til òg.
I dag har eg gått igjennom grunnskuletida med stor nøye på jakt etter uvurderlege støvsamlarar. Eg fann blant anna denne. Det første som slår meg er at eg ikkje kan ha laga den så mykje sjølv. Det andre er at om eg gjorde det, så var eg flinkare til slikt under Herdis Høyer Haugland sitt styre i 1B enn eg er no. Eg veit ikkje om eg skal smile eller grine, vakkert er det uansett.

Eg og Andreas står og ser på at dei jobbar. Standard kommunalt der altså.
No er eg moden for å ta til orde for ei ny motstandsrøyrsle. Slagorda må gjerne vere Ta deg ei bolle og slike med, men hovudsaka er å få vekk kjedebrev frå verda. Vi kan sende eit samla til månen og be alle som saknar *ekte* lykkesusogdus reise deretter, eg bryr meg katten. Kan vi ikkje alle samle oss under ei vidfemnande fane og tuppe kvar stakkar som prøver seg i RÆVA eit par gonger, berre til det heile går over? Dra meg i fletta og kall meg heidi, no er det nok.
Vedlagt er grunnen til mitt utbrudd. Det er endå godt vi kan måle lykka i tal framleis.
Fotnote 1: Kva betyr vidskeplig?
Fotnote 2: Ein mann slo seg i skolten, for eksempel, er det rett bruk av skolten?

Bror 2 – back in the days
Det er ingen grunn til å ikkje nemne mellomste bror Vengen sin gebuss, gratulerer H.! Napoleonskake og kaffi er på veg til Berlin.