Fusa-kongen abdiserer

Skrive av Arild den 13. september 2005

I går vart det diverre klart at visekonge av Fusa, Morten Holmefjord, går av, då han ikkje lenger har støtte frå eit fleirtal av innbyggjarane. I følgje Bergens Tidende er det framleis ikkje klart kva som skal skje med krune, kappe og andre pontifikaliar - dei megalomane med krunestorleik 58 bør kjenne si vitjingstid. Eg vil gjere spesielt merksam på at dette er einaste måte å bli visekonge på for dei av oss som ikkje trakterer gitar eller lutt.

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

2 kommentarar til “Fusa-kongen abdiserer”

  1. 1Majestetsfornerming
    september 15th, 2005 @ 18:48

    Underleg at ikkje folket i Fusa ville kjennast ved ein slik konge? Ein ung mann som røykjer rullings, og som dei eldre kan le litt av når han finn på underlege stunt. Dessutan har han nok temmeleg låg appanasje. Dersom det skulle bli vald ein eldre herre til ny visekonge, så har Fusarane seg sjølv å takke. Då må dei stå der i vegkanten og bukke og neie og hugse å kjøpe dyre blomar.

    Visekongar med gitar eller kappe - samein dykk!

  2. 2Refusert
    september 19th, 2005 @ 9:23

    Eg fann eit magasin som reklamerte for denne kongen. Det var underhaldande lesestoff og den hadde endåtil reklame for buksemerket Fusa jeans (www.fusajeans.com). Desse buksene skal visstnok vere å få kjøpt i klebutikken Håkki (nostalgi-4-ever).

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Alle gode ting er tre, men kven er best?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv