Fusa-kongen abdiserer

I går vart det diverre klart at visekonge av Fusa, Morten Holmefjord, går av, då han ikkje lenger har støtte frå eit fleirtal av innbyggjarane. I følgje Bergens Tidende er det framleis ikkje klart kva som skal skje med krune, kappe og andre pontifikaliar – dei megalomane med krunestorleik 58 bør kjenne si vitjingstid. Eg vil gjere spesielt merksam på at dette er einaste måte å bli visekonge på for dei av oss som ikkje trakterer gitar eller lutt.


Rakettvitskap — Arild @ 13. september, 2005

2 innspel »

  1. Underleg at ikkje folket i Fusa ville kjennast ved ein slik konge? Ein ung mann som røykjer rullings, og som dei eldre kan le litt av når han finn på underlege stunt. Dessutan har han nok temmeleg låg appanasje. Dersom det skulle bli vald ein eldre herre til ny visekonge, så har Fusarane seg sjølv å takke. Då må dei stå der i vegkanten og bukke og neie og hugse å kjøpe dyre blomar.

    Visekongar med gitar eller kappe – samein dykk!

    Innspel by Majestetsfornerming — 15/9/2005 @ 18:48
  2. Eg fann eit magasin som reklamerte for denne kongen. Det var underhaldande lesestoff og den hadde endåtil reklame for buksemerket Fusa jeans (www.fusajeans.com). Desse buksene skal visstnok vere å få kjøpt i klebutikken Håkki (nostalgi-4-ever).

    Innspel by Refusert — 19/9/2005 @ 9:23

RSS-nyheitsstraum med innspel til dette innlegget. TrackBack URI

Legg att eit innspel







Lang dags ferdt mot fnatt © 2004 - 2011.
(c) 2012 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity