Mørkemenn, med meir

Skrive av Arild den 4. september 2005

Night in Bergen
Det var vore litt tørketid på fotosida, eg har eigentleg ikkje teke eit einaste bilete på ein månad eller to (det er i alle høve slik det kjennest ut). Slik eg ser det finnast det to løysingar på dette, enten kan ein kjøpe enno eit nytt kamera (gøy!), eller ein kan prøve å ta dei same gamle bileta på ein ny måte - denne gongen valgte eg sistnevnte utveg. Eg fekk lurt med meg Endre ut på litt nattfotografering - med stativ og allting! Resultata vart kanskje ikkje heilt Der enno, men det kan no tenkjast at det kjem seg etter kvart.

Tenkte eg skulle nemne eit par andre ting òg, men det er for spesielt interesserte..

1. Eg har sett ny personleg bestenotering i shopping, med ikkje mindre enn tolv plagg/ting frå ein og samme klesbutikk (eg klokka inn på 42 minutt og eit kleshengjarforbruk som nærma seg tresifra).
2. Timbuktu (som vist på TV) kan ein høyre meir på (det går bra til slutt, veit du).
3. Ein bør få med seg filmane the wedding crashers og Batman begins - beggje trivelege.
4. Anthony Hamilton sitt “nye” album er sjølvsagt fint, spesielt “Ball & Chain”, Kanye West sitt nye album er sjølvsagt svært variabelt, men “Drive slow” er fin-fin.

Stay tuned for more happy days.

Fotografering, Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

2 kommentarar til “Mørkemenn, med meir”

  1. 1E
    september 5th, 2005 @ 11:56

    Kjenner meg igjen i fototørka, har framleis mykje film att å scanne så OMàne har lege i ro nokre veker no(desverre) Å kjøpe nye kamera er alltid gøy!(det veit eg…)(Kjem kanskje ein 55/1,2 (ja eg veit at eg har 50/1,2..)snart og då må det testast litt att) Leikar meg no om dagen med Polaroid 600SEèn og Polaroid Miniportrait 403(passkamera) og det er moro, særleg moro å ta små “teikneseriar” med miniportraiten, då den gjev fire småbilete på eit 6×7 polabilete. Kan m.a. nemne seriane “Lars dagen derpå” og “Lars skriv på nyinnkjøpt skrivemaskin” Elles er eg heilt einig i Timbuktu(sjølv om dei ikkje tilhøyrer ein genre eg vanlegvis høyrer på. Og Batman begins var ein godfilm. Elles er jo SinCity noko av det bedre eg har sett dei siste åra.

  2. 2E
    september 5th, 2005 @ 12:02

    vart litt parantesforvirra der på slutten ja…) :-)

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Piker, vin, eller sang?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv