Scarlett

Vi har ei Scarlet i vårt nabolag. I Noreg fins der elleve totalt, seks av typen to t’ar. Eg undrar om ikkje dette namnet også skal få eit oppsving snart? Scarlett Johansson har vore med i store filmar. Eg krev resultat.


Rakettvitskap — Gisle @ 23. september, 2005






Når høyballane badar i elva

Eg likar naturen når dei breier seg. Ikkje når det går på liv og død og slikt, slik som i by’n, berre slik at eit par kyr og nokre hundre høyballar reiser til fjords. Eg tok meg ei runde i dag og observerte vasstanden. Dette er tangen, ved Oddvar Torsheim.


Rakettvitskap — Gisle @ 14. september, 2005






Fusa-kongen abdiserer

I går vart det diverre klart at visekonge av Fusa, Morten Holmefjord, går av, då han ikkje lenger har støtte frå eit fleirtal av innbyggjarane. I følgje Bergens Tidende er det framleis ikkje klart kva som skal skje med krune, kappe og andre pontifikaliar – dei megalomane med krunestorleik 58 bør kjenne si vitjingstid. Eg vil gjere spesielt merksam på at dette er einaste måte å bli visekonge på for dei av oss som ikkje trakterer gitar eller lutt.


Rakettvitskap — Arild @ 13. september, 2005






Når Eikenæs er på tur

På ein av dei siste flotte dagane på seinsommaren drog vi ein brøkdel av slekta opp på Sandsstøylen (du kan verkeleg køyre heilt inntil døra på støylshytta di). Det var då ei glede å sjå at på spasertuen til den velkjente Hestnesstøylen stemte tantene i med marsjsangen som vi alle hugsar så godt.
(meir…)


Musikk,Rakettvitskap — Gisle @ 13. september, 2005






Er det det det er?

Ei rein B-finale dette – kort og ikkje så konsist.

1. Som eg alltid seier til små ungar – ikkje et kokain som du finn i skogen.

2. Eg var tom for kordfløyel og måtte innom ein manneklebutikk, jenta framfor meg i køen snakka særs varmt om last.fm / audioscrobbler – slikt varmar – om ein ser vekk i frå kystpartiemblemet ho hadde på veska.

3. Om ein les på mjølkekartongen (eit særs stakkarsleg avissubstitutt, sånn tidleg på morgonen) kan ein få med seg at «dus er en fruktdrikk med røtter fra kontinentet» – for vi veit jo alle at røtene på kontinentet (kva kontinent?) er beint fram framifrå, H. i nord meiner dei er til hjelp mot inkontinens òg…

4. Valet, må seie eg ikkje liker at det er så jevnt – fintellinga blir då avgjerande og så vidt eg har fått med meg blir denne gjort av fiffen på Frogner – der dei borgarlege nok er i fleirtal, eg lurer litt på kva dette har å seie for resultatet? Heldigvis tippa det rett veg denne gongen, men eg liker dårleg at 24% av dei med stemmerett ikkje bruker denne.

5. Ricoh hadde lova å lansere ein digital versjon av nydelege GR1(s) – dei skuffa såpass stort at eg ikkje gidd å nemne det her i det heile – det tenkjer eg svir Rioch, ta den!


Rakettvitskap — Arild @ 13. september, 2005






Neste side »
This work is licensed under a Creative Commons Attribution-Noncommercial-Share Alike 3.0 Unported License.
(c) 2010 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity