Den forunderlege teknologien


Som den kvikke nerd truleg allereie har fått med seg, tok Canon endeleg til vet og lanserte i går eit nytt fin-fint DSLR med det lite kledelege namnet EOS 5D. For berre tjuefem laken kan ein no få seg eit flunkande nytt fullformats DSLR – med andre ord er ein 50mm atter ein gang ein 50mm (og ikkje ein 75/82mm). Eg veit i alle høve kva kamera eg skal sjå etter på bruktmarknaden om eit par-tre år.


Rakettvitskap — Arild @ 23. august, 2005

9 innspel »

  1. Når Nikon om nokre år har eit fullframe hus bygd på F5 brukt til ti-tolv laken, då er eg og klar for å entre den digitalbaserte fotograferinga.

    Innspel by Håvard — 23/8/2005 @ 19:45
  2. hm, det er vel like etter at grisane har lært å fly.

    Innspel by Arild — 23/8/2005 @ 19:47
  3. Flygande grisar, you say?

    Sjekk http://images.allposters.com/images/149/3009.jpg

    Innspel by Håvard — 23/8/2005 @ 21:50
  4. Jaja…Nikon må vel i tenkjeboksen no….har vel meir lyst på ein digital FM3A enn å drage rundt på ein gedigen F5. Men med dette kameraet så er ikkje lenger fullformatet dødt for oss vanlege folk, dvs. om nokre år. Det eksisterar berre eit nikofullformatdigitalkamera(NFFDSLR)…Kodak eit eller anna DC 14N…nei eg hugsar ikkje.

    Innspel by Endre — 23/8/2005 @ 23:02
  5. Kodak DCS Pro 14n (lett å hugse det).
    Tenkte eg skulle nemne at denne 5D´en visstnok skal vere mindre enn ein 10D, aiaiai. Vidare bør ein hugse på at søkaren i dette kameraet nok er ein god del betre enn den på t.d. 20D – så førstemann til bruktmarknaden..

    Innspel by Arild — 23/8/2005 @ 23:24
  6. Nåja Endre, grisane lærer vel å symje før Nikon puttar noko brikker og motor inn i FM3A. Ein F100-liknande sak derimot..

    Forresten, kan grisar symje?

    Innspel by Håvard — 24/8/2005 @ 9:51
  7. Eg lurte slik, går det an å få slike herleg øgleskinn til kamera som dette?

    Innspel by Gisle — 24/8/2005 @ 16:31
  8. Hmm….det er nok etterkvart mange som kunne tenke seg eit manuelt DSLR kamera, eit som kan brukast på fjelltur i minus 40 og slikt…så må ein vel ha frostveske og slikt…jaja. Men med Canon sine stadig mindre DSLRàr så må vel det bli eit heilt nytt hus for Nikon sin del. Sorry, Arild…eg skal prøve å hugse det til neste gong. Det vert spennande å sjå kva som vert skrive om søkar osv. på den nye 5D….berre bra for Canon at dei ikkje lanserte Canon 3D…det kunne blitt moro! Var faktisk mange Canonfolk som trudde det kunne bli namnet. Lurer på om den ville kome med 2 fullformatbrikker og to objektiv..eller om dei hadde gått for todelt objektiv og deling av brikka. Uansett det vert laga alt for få 3D kamera no for tida!
    Gisle: Du kan nok lime på både øgle og isbjørnskinn på desse, men å fjerne gummien som er på dei, er nok ikkje like enkelt som skinnet på ein gamal OM-1.

    Innspel by Endre — 24/8/2005 @ 19:06
  9. Så vidt eg hugsar er søkaren oppgitt til 96% dekningsgrad og 0,71x forstørring – ikkje like god som Dei Gode Gamle(TM) søkarane, men meir enn brukbart. Skulle vel berre mangle på eit kamera til tjuefem laken.

    Innspel by Arild — 24/8/2005 @ 19:57

RSS-nyheitsstraum med innspel til dette innlegget. TrackBack URI

Legg att eit innspel







Lang dags ferdt mot fnatt © 2004 - 2011.
(c) 2012 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity