Men pikslane mine skal du få billeg

Boat passing, Masfjorden'05Det har regna rimeleg jevnt og trutt i dag, det minner meg på at hausten ikkje er langt unna. Gjekk igjennom dei få bileta eg tok på vår lille utflukt til Masfjorden for ei par veker sidan, og posta eit fotosett på flickr. Prøver å få ordna opp i det som skal ordnast opp i, før eg let British Airways fly meg til varmare strok om ein liten månad. Trur elles at dei musikalske dvergane må ha flytta inn i nærleiken her, høyrer stadig einkvan som pustar i eit munnspel, dreg i eit trekkspel elller speler rytmegitar, men eg får aldri auge på dei.
Hedda rocking the chairHyttebokskrivingMe fishingLars-Magne relaxingShimmering sunglasses


Fotografering,Rakettvitskap — Arild @ 4. august, 2005

3 innspel »

  1. oo, det var fargar! men sååg det slik ut der? eg vart nesten nyfiken på biletet, greit, eg er nyfiken på biletet. Likte òg det der du fiska, det er ikkje så gale skarpt om eg får sei det på sunnfjordsk. I denne stund lagar eg meg ein konto på flickr, berre sånn at eg fekk melda ifrå om det.

    Innspel by Gisle — 6/8/2005 @ 20:27
  2. La meg omformulere litt; I denne stund vart eg klar over at eg hadde ein konto på flickr. Kremt.

    Innspel by Gisle — 6/8/2005 @ 20:31
  3. Er trøytt. Svarar kort. Trur det såg slik ut ja, det var vel eigentleg ikkje noko syn for gudar, men det var fint. Hm, eg burde vel kanskje sprette 150 bols på ein pro-konto hjå flickr, men er redd eg kjem til å kaste vekk mykje tid der då.

    Innspel by Arild — 7/8/2005 @ 0:37

RSS-nyheitsstraum med innspel til dette innlegget. TrackBack URI

Legg att eit innspel







Lang dags ferdt mot fnatt © 2004 - 2011.
(c) 2012 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity