Eit komparativt studie i musikksmak

Skrive av Arild den 1. august 2005


Audiscrobbler kan brukast og misbrukast til så mangt. Eg prøver for tida å gjere meg til ven med dei gåtefulle øyene Trinidad & Tobago, som saman utgjer landet Trinidad og Tobago. I dag er eg komt til musikksmak. Som vi alle veit blir Trinidad rekna for å vere både socaen og calypsoens fødestad (mens Tobago er fødestaden til dei gigantiske lærskilpaddene) vi veit òg at eg aldri kjem til å bli riven med i den lokale dansegruppa. Likevel, musikk opptek meg til ein viss grad, difor nytta eg data (kan hende ikkje særs representative data, men data likevel) frå den før nevnte audioscrobblerdatabasen for å få ei rudimentær oversikt over kor landet ligg. Her følgjer ei kort oppsummering av dei mest spelte artistane i hhv. Norge og Trinidad/Tobago ei tilfeldig valgt veke i juli 2005.

Først Norge:
1. System of a Down
2. Metallica
3. Coldplay
4. Pink Floyd

Så Triniad & Tobago:

1. Jimi Hendrix
2. Nancy Sinatra
3. Jay-Z
4. The Beatles

Det første som slår meg er at dei openbert har betre musikksmak der nede i utlandet (ah, som musikk i mine øyrer). Vidare ser det ut til at dei er særs opptekne av tretti år gamal musikk, når eg tenkjer meg om har eg lest i “Rough guide to Trinidad & Tobago” at allting går litt seinare nede ved ekvator, då heng det kanskje på greip likevel.

I alle høve, eg ser fram til å lære meir om desse mjuke øyene.

Musikk | Kommentarar | Attendetrakk

2 kommentarar til “Eit komparativt studie i musikksmak”

  1. 1h
    august 2nd, 2005 @ 10:42

    Denne vekes best of på T&T er vel ikkje akkurat noko å skryte av - Maroon 5 og Green Day på topp 2. Då føretrekk eg System of a Down, så absolutt.

  2. 2Håvard
    august 8th, 2005 @ 10:47

    Lurer på om denne infoen vil kome til nytte på popquizar rundt om?

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Piker, vin, eller sang?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv