Boulè!

Boulè er spelet vi fann på i sommar. Det er jo eigentleg boccia, men vi har sølvkuler. Dessuten var eg i Frankrike på studietur for to år sidan. Bli ikkje satt ut, vi spelar på gras. Vi er då nordmenn.
(meir …)

Boulè er spelet vi fann på i sommar. Det er jo eigentleg boccia, men vi har sølvkuler. Dessuten var eg i Frankrike på studietur for to år sidan. Bli ikkje satt ut, vi spelar på gras. Vi er då nordmenn.
(meir …)

Det er ikkje lenge igjen til Prosten flyttar frå huset. Eg har difor byrja å dokumentere daglegdagse ting verda ikkje kunne ha vore foruten. Middagskvil till exempel.

Som den kvikke nerd truleg allereie har fått med seg, tok Canon endeleg til vet og lanserte i går eit nytt fin-fint DSLR med det lite kledelege namnet EOS 5D. For berre tjuefem laken kan ein no få seg eit flunkande nytt fullformats DSLR – med andre ord er ein 50mm atter ein gang ein 50mm (og ikkje ein 75/82mm). Eg veit i alle høve kva kamera eg skal sjå etter på bruktmarknaden om eit par-tre år.

Kom over dette på flickr. Eg kan berre håpe på at det står ta med seg skiten. Tenkte eg òg skulle ta med eit lite spørsmål som har vore diskutert blant ein god ven av meg. Han lurte sånn på kvifor vi syns det var rimeleg greit med saueskit og kuskit og hønseskit og hundeskit, ja, dyreskit på vegen o.l., medan ein klatt mannskit(som han så fint presisèrer) er ille. Verkeleg ille. Eg klarte ikkje å gje han eit fullgodt svar.
Det har regna rimeleg jevnt og trutt i dag, det minner meg på at hausten ikkje er langt unna. Gjekk igjennom dei få bileta eg tok på vår lille utflukt til Masfjorden for ei par veker sidan, og posta eit fotosett på flickr. Prøver å få ordna opp i det som skal ordnast opp i, før eg let British Airways fly meg til varmare strok om ein liten månad. Trur elles at dei musikalske dvergane må ha flytta inn i nærleiken her, høyrer stadig einkvan som pustar i eit munnspel, dreg i eit trekkspel elller speler rytmegitar, men eg får aldri auge på dei.




