Nye førtiåtte timar (i Masfjorden)

Skrive av Arild den 27. juli 2005


Den gjestmilde konditoren og hans kone inviterte underteikna samt ein del andre til fisking og bading i Masfjorden førre helg. Det vart fiska mykje og lenge, men med heller magert resultat. Tenkte å poste nokre fleire bilete frå turen, men Ikkje Nett No(TM).
To andre saker som opptek meg nett no er valet mellom ein ny Apple iBook (oppdatert i går, jay!) eller den skrekkeleg kompakte Dell Latitude X1 - har diverre tenkt meir på dette enn korleis ein kan sikre verdsfreden dei siste dagane. Malapropos verdsfred, fekk med meg at Viktor “Skrukketryne” Jusjtsjenko like godt la ned heile Ukrainas trafikkpoliti (23 000 arbeidsplassar), då dei visstnok ikkje var noko gagn i. Georgias president Mikhail Saakasjvili gjorde det samme i fjor - handlingens menn desse presidentane.

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

3 kommentarar til “Nye førtiåtte timar (i Masfjorden)”

  1. 1h
    juli 27th, 2005 @ 12:12

    Interessant at du nemner dette med verdsfred. Eg las for ei tid tilbake eit portrettintervju med Michael Dell der han fortalde at han støtta George B sin valkamp. Kven Steve Jobs støttar, veit eg ingenting om. Eg veit derimot at eg har mest lyst på iBook.

  2. 2Arild
    juli 27th, 2005 @ 12:20

    Hm, eg veit ikkje kva som er mest skremmande - at Michael Dell støttar Bush, eller at du les portrettintervju med mannen.

    Har mest lyst på ein liten og lett maskin med OS X, no har det seg diverre slik at iBooken veg 2,2 kg, mens X1 veg 1,14 kg (men det blir nok iBook likevel).

  3. 3h
    juli 27th, 2005 @ 14:04

    Nei, det er vanskeleg å avgjere kva som er verst. (Ifølge enkelte er slekta verst) Eg les så mangt, slik som idag då eg har prøvd å forstå korleis sed fungerer og har lese dokumentasjon. Blærgh!

    UNIX2daPpl!

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Piker, vin, eller sang?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv