iBooken og havresekken

Då Apple (i sin visdom) fann det for godt å endeleg oppdatere iBooken i går kveld, hadde ikkje eg anna val en å tinge ein av dei nye modellane i dag. Etter eit par minutts venting på telefonen (Ben Folds som ventemusikk, no har eg høyrt det òg!), med stadige forsikringar på klingande nordlandsk om at «dænn første lædige agenten vill hjælpe dæ om kort tid» fekk eg snakka med svenske Helena (sjølvsagt) og lagt inn ein ordre på ein stykk tolvtommer iBook med direkteinnsprøyting, sota ruter og lågtrykksturbo. Så då er det berre å vente, i følgje reklamen blir eg snart ein utåleleg utgåve av «the shiny, happy people».
..det eg gløymde å seie var at eg kjøpte med ei passande veske – denne vart sjølvsagt sporenstreks døypt Havresekken.
Stol aldri på svenske agentar!
«Jeg er havren….»