
Då Apple (i sin visdom) fann det for godt å endeleg oppdatere iBooken i går kveld, hadde ikkje eg anna val en å tinge ein av dei nye modellane i dag. Etter eit par minutts venting på telefonen (Ben Folds som ventemusikk, no har eg høyrt det òg!), med stadige forsikringar på klingande nordlandsk om at «dænn første lædige agenten vill hjælpe dæ om kort tid» fekk eg snakka med svenske Helena (sjølvsagt) og lagt inn ein ordre på ein stykk tolvtommer iBook med direkteinnsprøyting, sota ruter og lågtrykksturbo. Så då er det berre å vente, i følgje reklamen blir eg snart ein utåleleg utgåve av «the shiny, happy people».

Den gjestmilde konditoren og hans kone inviterte underteikna samt ein del andre til fisking og bading i Masfjorden førre helg. Det vart fiska mykje og lenge, men med heller magert resultat. Tenkte å poste nokre fleire bilete frå turen, men Ikkje Nett No(TM).
To andre saker som opptek meg nett no er valet mellom ein ny Apple iBook (oppdatert i går, jay!) eller den skrekkeleg kompakte Dell Latitude X1 – har diverre tenkt meir på dette enn korleis ein kan sikre verdsfreden dei siste dagane. Malapropos verdsfred, fekk med meg at Viktor «Skrukketryne» Jusjtsjenko like godt la ned heile Ukrainas trafikkpoliti (23 000 arbeidsplassar), då dei visstnok ikkje var noko gagn i. Georgias president Mikhail Saakasjvili gjorde det samme i fjor – handlingens menn desse presidentane.

Eg vart introdusert til det ikkje fullt så gøyale (då eg tapte, to gongar) kubbespelet her om kvelden.

Mellom regnskylla har vi hatt nokre dagar med strålande sol – desse dagane må sjølvsagt takast vare på så godt som mogleg. Etter mange års røynsle med fåtallige soldagar har eg landa på at nokre av desse dagane godt kan nyttast til slanging i parken. Mellom laust prat, bocciaspeling og slumring er det alltid fint å forville seg inn i ei bok. Smått tilfeldig eller ei, i sommar har det blitt mykje som laust kan kategoriserast som detektivromanar eller krim. Carl Hiaasen svikter jo aldri (eg bruker kvar ei ledig stund til å prakke ei av Hiaasen-bøkene mine på ein eller annan stakkar), i tillegg har vi Graham Greene (Vår mann i Havana) og Carlos Riuz Safòn (Vindens skygge). Det ser med andre ord ut til å bli ein heller lett sommar på bokfronten, så får eg heller dra med meg nokre tungvektarar til Trinidad til hausten. (biletet er sjølvsagt frå bokbyen).
Ein annan ting, flickr.com er ei litt pussig teneste – på ein fin måte – testar no å poste bilete derfrå.
Tour de France kallar!