Skarphet, eigentleg ein leik -ein skarpleik

Skrive av Gisle den 24. mai 2005


Kunsten å fokusere er det få som talar om. Eg skulle likt å høyre nokre gjere det ein gong, slik som no.

Her er fem bilete, tatt med røyrsle (nei, ikkje røynsle), tatt med Zuiko 50mm 1.8 på ein 300D, tatt med flaks. Det er ikkje ein kunst å fokusere med ein slik kombinasjon, det er flaks. Sjå berre kor lite som eigentleg, eigentleg er i fokus, det er snakk om mykje lite. Om ingenting. På alle bileta er det ei helling av andletet både framover og sidelengs, og dette gjer jo sitt til avstanden. Uansett, får ein slik med ultraskarpe Canon 50mm 1.8 er eg fornøygd. Då dreier det seg snart (på tide) om å finne det rette biletet, å fange den rette stemninga. Automatisk fokusering og sju blinkande, eigenrådige fokuspunkt -her kjem eg. Snart.

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

ein kommentar til “Skarphet, eigentleg ein leik -ein skarpleik”

  1. 1Nihilist #1
    mai 25th, 2005 @ 23:02

    Ein kan bli tylgalen av manuellfokus på autofokuskamera - diverre. Elles minner det eine biletet lett om dei der presidentfjella i junaiten, i alle høve om ein myser ein heil del.

    A.

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Piker, vin, eller sang?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv