Makramèselgerske

(Tonje & Kristin avgir sine stemmer under laurdagens MGP-kablang)
Bergens Tidende av i dag har ei flott sak om ein attkomen sau – ingressen er himmelsk, høyr berre her: «Ingen hadde sett noe til sauen «Helvetesrypa» på tre år da den overraskende dukket opp og reddet en mann fra drukningsdøden i Masfjorden lørdag». Ein sau med namn Helvetesrypa – fabelaktig! Det viser seg vidare at sauehunden Iris spelte ei sentral rolle i dramaet, kor tek dei det i frå? Murakami kunne ikkje gjort det betre!
Av meir stusselege hendingar bør det nemnast at eg i dag har blitt omtala som volleyballens ekvivalent til Michael Jordan, kven skulle trudd? (overskrifta er henta frå «Bedratt av vinden» av Hiaasen, rasande triveleg underhaldning).