Ting å tenkje på når ein skal ha eksamen
Skrive av Arild den 18. mai 2005

Gullkalven - eller noko.
Det er mykje å tenkje på når ein skal ha eksamen, til dømes ting. Ikkje kva som helst slags ting, men ting av typen ein ikkje treng - men likevel har litt lyst på - og som kanskje, men berre kanskje, vil gjere ein til eit litt betre menneske.
Her kjem i alle høve dagens lystpåliste:
- Fujifilm F10 - digitalkamera med ISO 1600
- Hasselblad 501c/m med 150mm f/4,0
- Ein dugande planskanner
- Ein berbar Mac
- Eit mørkerom
- Eit par bøker av Henri Cartier-Bresson
- Ein ny Dr. Dre “banger” (alà In the club)
- Eit motorisert framkomstmiddel
Sånn, då kan eg konsentere meg om morgondagens eksamen i psykiatri igjen. Slå opp Gansers syndrom om du har litt ledig tid, tidig!
Skriv ein kommentar