Vidare, alltid vidare

Det er rart med det, først var det Jubeltelegrafen, så, nokre månader seinare dukka Lang dags ferd mot fnatt opp, og no sprett plutseleg Ein Augneblink i veiret. Stadig nye påfunn frå denne fusentastaren.
Ein Augneblink er meint som ein reinspikka fotologg – helst skal eg klare å poste eit nytt/gamalt bilete kvar dag – så får vi sjå om det er gjennomførbart. Det er sjølvsagt lov å spele på resultatet (dårlege odds nett no).
Elles kan eg nemne at sola har forvandla meg til ein dansk livsnytar. Har lese psykiatri på dansk i parken i dag og hatt årets første frisbee-økt med H. (min raude – og svært kjære – frisbee vart diverre øydelagd, alt eg kan seie er at det ikkje var eg som gjorde det, så får dåkke detektivane trekkje ein konklusjon eller to opp av baklomma)