Til nerdane

Hei beggje to. Fekk endeleg Canon EOS 350D i posten i dag, vart overraska over kor lite det var – liknar eigentleg ikkje så mykje på bror min sitt 300D. Har framleis ikkje fått testa så alt for mykje – skriv denne posten no mens eg venter på overføringa av den første gigabyten med testbilete (lova Endre å skrive nokre ord). Fekk OM til EOS-adapter for nokre dagar sidan, gjekk for billeg-versjonen og kan ikkje seie at eg angrar på det. Har testa 300D og 350D med Zuiko 28/2,8, 50/1,8, 50/1,4, 85/2 og 100/2,8. Skulle kanskje ynskje meg ein 24/2,8 og ein 35/2.
Sjølv med ei cand.mag.-grad i informasjonsvitskap er det mykje nytt å setje seg inn i, har enno ikkje opna brukarrettleiinga – men eg må vel krype til korset snart. Har elles fått oppdatert G. sitt 300D med det russiske programvare-hacken, så no er det berre velstand i heimen.
Har sjølvsagt òg testa Zuikoane på Eli sitt D30, ørlite betre søker på dette kameraet, men eigentleg ikkje merkbart i bruk.
Til ikkje-nerdane: Har vore på Utvikfjellet to dagar allereie, opparbeida meg solide gnagsår utan eigentleg å ha gått noko særleg langt.
Vel, kopieringa var ferdig no, så då får eg avslutte her. Spør om det er noko.
Hei! Gratulerer med 350èn…
Reknar med eg får vere med på ein testrunde med mine zuikoar når eg kjem ned att til Bergen ein gong uti april. Var og overraska over storleiken på 350èn, den er veldig liten og verka meir solid enn 300èn. Nokre spørsmål:
Korleis er det å fokusere zuikoane på 350èn? og i dårlege lysforhold? Lukke til med vidare testing og skigåing! Vi snakkast. (Trur eg må få kjøpt meg eit slikt adapter medan dei enno er å få tak i.)
Hei E., litt usikker når det gjeld fokusering av 50/1,4 og 85/2 – er uvant. Trur det kan vere til å leve med, men ikkje meir heller.
Råfilene er heile 10MB store(!), med andre ord er det mykje dataflytting for tida. Noko som eg synes er veldig stilig er at ein kan få lagra både Råfila og ein fullskala svart/kvitt-versjon av biletet – ein får då opp svart/kvitt-versjonen på skjermen bakpå, ser bra ut!
Må sjølvsagt teste ut det som finnast av Zuikoar, kanskje ein skulle kosta på seg ein subjektiv objektivtest ein dag med nedbør?
Takk for svar. Ein subjektiv test (dei beste testane er vel som regel det) kan vi sikkert fikse! Elles fint om du postar eit bilete av 350èn med zuiko på. Dataflytting er vel ikke det som er mest moro, men sikkert betre enn scanning.
Hi Dear,
I wonder if the olympus lenses can be focus to infinity, and the aperature can be used automatically w/ canon body. b’coz i used to use olympus om1 and still have 24/2, 28/3.5, 35/2, 50/1,4
35-70/3,6, 75-150/4, 135/3.5. i would be great if they can be use to canon. i like the zuiko’s. i am now use nikon d200 w/ angeniux 28-70/2,6. i feel the angeniux 28-70/2,6 better than the new nikkor 24-70/2,8. it’s just like to hear music from cellestion speaker
and speaker from japan. thx
Hi,
You should have no problem using all the Zuiko´s on Canon´s DSLR´s – as documented elsewere. I`ve personally tested different Zuiko´s on D30, 10D, 20D, 30D and 5D. The OM to EOS-adapter let you use the camera in aperture-priority-mode, turning the aperture-ring on the Zuiko will stop down the lens. All lenses focus to infinity with the right adapter. Hope this helps.