
Det er rart med det, først var det Jubeltelegrafen, så, nokre månader seinare dukka Lang dags ferd mot fnatt opp, og no sprett plutseleg Ein Augneblink i veiret. Stadig nye påfunn frå denne fusentastaren.
Ein Augneblink er meint som ein reinspikka fotologg – helst skal eg klare å poste eit nytt/gamalt bilete kvar dag – så får vi sjå om det er gjennomførbart. Det er sjølvsagt lov å spele på resultatet (dårlege odds nett no).
Elles kan eg nemne at sola har forvandla meg til ein dansk livsnytar. Har lese psykiatri på dansk i parken i dag og hatt årets første frisbee-økt med H. (min raude – og svært kjære – frisbee vart diverre øydelagd, alt eg kan seie er at det ikkje var eg som gjorde det, så får dåkke detektivane trekkje ein konklusjon eller to opp av baklomma)

Hei beggje to. Fekk endeleg Canon EOS 350D i posten i dag, vart overraska over kor lite det var – liknar eigentleg ikkje så mykje på bror min sitt 300D. Har framleis ikkje fått testa så alt for mykje – skriv denne posten no mens eg venter på overføringa av den første gigabyten med testbilete (lova Endre å skrive nokre ord). Fekk OM til EOS-adapter for nokre dagar sidan, gjekk for billeg-versjonen og kan ikkje seie at eg angrar på det. Har testa 300D og 350D med Zuiko 28/2,8, 50/1,8, 50/1,4, 85/2 og 100/2,8. Skulle kanskje ynskje meg ein 24/2,8 og ein 35/2.
Sjølv med ei cand.mag.-grad i informasjonsvitskap er det mykje nytt å setje seg inn i, har enno ikkje opna brukarrettleiinga – men eg må vel krype til korset snart. Har elles fått oppdatert G. sitt 300D med det russiske programvare-hacken, så no er det berre velstand i heimen.
Har sjølvsagt òg testa Zuikoane på Eli sitt D30, ørlite betre søker på dette kameraet, men eigentleg ikkje merkbart i bruk.
Til ikkje-nerdane: Har vore på Utvikfjellet to dagar allereie, opparbeida meg solide gnagsår utan eigentleg å ha gått noko særleg langt.
Vel, kopieringa var ferdig no, så då får eg avslutte her. Spør om det er noko.
Dette er den berømte svensken med ballongfetisjen. Jo, det er sant.

Eg er i F�rde, og p�ska er her. Har nytta dagen til eting og pr�veknipsing. Fekk to OM til EOS-adapter i posten i dag fr� Hong Kong – har no f�tt testa dei p� Gisle sitt EOS 300D – kan ikkje seie anna enn at det fungerer sv�rt bra.
Innspel er slegne av
Alle samane skal vite at det har teke meg uendeleg med tid å få bileta inn på denne dataen. Dette er magnhild forresten. Ho er fantastisk.