Motetips
Skrive av Arild den 6. februar 2005

Det er ikkje greit å vere ung i dag, spesielt ille er det når det er snakk om kva klede som gjeld. Er velourdress inne eller ute? Skal buksa vere oppe i skoa - eller er det heilt bandana? Ser folk flest at eg ber dette slipset med ironisk distanse, mens eg verkeleg liker denne buksa? Nett desse spørsmåla er ikkje så vanskelege - svara er sjølvsagt, Ute, ikkje i skoa, nei det ser heilt bandana ut og - ingen legg merke til deg likevel. Når det kjem til “boksfreshe sneakers” er juryen framleis ute.
Eg har tidlegare skrytt av Søndag, Søndag si vekeutgåve - VG - i denne spalta. Det var då snakk om VG sine fjonge sminketips, eg vart difor glad då eg - via eit av mine kvinnebekjentskaper - fann ut at Det Nye nr. 3/05 bokstavleg tala tok opp hansken og lanserte si liste over kva som gjeld i klesvegen:
- Sexy bohem
- Etnisk
- Retro-chic
- Fargefest
Takk Det Nye - mitt motekompass!
ein kommentar til “Motetips”
1Bror 2
februar 10th, 2005 @ 9:49
Fantastisk! Det er slikt ein blir glad av å lese!
Skriv ein kommentar