Arkiv for februar, 2005

Heilskapen er meir enn summen av delane

torsdag, 24. februar, 2005


Dette er gjennomsnittet av min siste svart/kvitt-film. Sol ute, grått inne. Høyrer framleis på Josh Rouse.

Rakettvitskap | Ingen kommentar

Det er i motbakke ein slit

laurdag, 19. februar, 2005


Ein høyrer på Josh Rouse. Ein les i Magnum Stories. Ein ser på bilete på http://www.nyclondon.com/blog/. Ein lurer på om det er for seint å lære seg å skate.

Rakettvitskap | Ingen kommentar

Det året det var så bratt

fredag, 18. februar, 2005


Vel, det blir ikkje meir februar enn dette. Noko som kan hjelpe er å bruke ein time på utstillinga “Lukten av savn” av frilansaren Rune Eraker på Bryggen Museum - eg og Easy var innom førre sundag - gode ting.

Til dei som jobbar i interkommunale selskap:
»Vi arbeidet hardt, men hver gang vi begynte å fungere ble nye omorganiseringsplaner iverksatt. Jeg lærte meg senere i livet at vi er tilbøyelige til å møte enhver ny situasjon med omorganisering. Jeg lærte også hvilken vindunderlig metode dette er til å skape illusjoner om framgang, mens det i virkeligheten forårsaker kaos, ineffektivitet og demoralisering»
Cajus Petronius - romersk embetsmann under keiser Nero.

Rakettvitskap | Ingen kommentar

Gegen die Wand

måndag, 14. februar, 2005

Mot veggen

Rakettvitskap | 2 kommentarar

Grip staven! Grip fisken! Grip dagen!

sundag, 13. februar, 2005

Nedoverbakke
Carpe carpe.

Rakettvitskap | Ingen kommentar

Motetips

sundag, 6. februar, 2005


Det er ikkje greit å vere ung i dag, spesielt ille er det når det er snakk om kva klede som gjeld. Er velourdress inne eller ute? Skal buksa vere oppe i skoa - eller er det heilt bandana? Ser folk flest at eg ber dette slipset med ironisk distanse, mens eg verkeleg liker denne buksa? Nett desse spørsmåla er ikkje så vanskelege - svara er sjølvsagt, Ute, ikkje i skoa, nei det ser heilt bandana ut og - ingen legg merke til deg likevel. Når det kjem til “boksfreshe sneakers” er juryen framleis ute.

Eg har tidlegare skrytt av Søndag, Søndag si vekeutgåve - VG - i denne spalta. Det var då snakk om VG sine fjonge sminketips, eg vart difor glad då eg - via eit av mine kvinnebekjentskaper - fann ut at Det Nye nr. 3/05 bokstavleg tala tok opp hansken og lanserte si liste over kva som gjeld i klesvegen:

Takk Det Nye - mitt motekompass!

Rakettvitskap | Ein kommentar

1369 - filmstatistikk svart på kvitt

torsdag, 3. februar, 2005

Trettenhunderogsekstini - talet på eksponeringar av svart/kvitt-film i 2004. For dei som ikkje kom lenger enn framhaldsskulen kan eg nemne at dette blir 37 filmar, sjølvsagt alt for få. Gladmeldinga er at eg har laga nummererte kontaktkopiar av samtlege filmar. Tok vel rundt ein tjue fargefilmar i fjor - målet må vere å kun ta svart/kvitt og i alle fall hundre rullar i året.

Fotografering | 2 kommentarar

Nye kommentarar

Siste innlegg

Andre stader

Arkiv