Neida, joiken døyr aldri

For tankeeksperimentets skuld, reint hypotetisk, kva vil ein gå glipp av om ein er influensasjuk nokre dagar? Her følgjer ei kort liste:

  • Tre dagar med godt betalt BUPA-jobbing
  • Semesterets første store psyk.fest
  • Ludus
  • Psykoanalyseforelesingar holdt av mann på 1,50 med namn Binder
  • Obligatorisk personlegdomstest (MMPI-2), med stipendiat Saus
  • Gratis flytur Bergen-Oslo-Bergen
  • Treffe kjærasten sin
  • Ta del på landmøtet til PsychAid i Oslo
  • Snø i Bergen med tilhøyrande aking frå Fløyen

Så, kva vinn ein så på å vere sjuk?

  • Ein får lært seg det som er å vite om russisk optikk
  • Lærer å setje pris på Kleenex med balsam(!)
  • Får sett til livs to flasker solbærsirup
  • Begynner å by på obskure kamera på ebay

Eg skal ikkje komme med nokon verdivurdering av desse opplevingane, men om ein tek ei kort oppteljing vil ein nok finne ut at det kan sjå meir forlokkande ut å vere ved god helse. Kven skulle trudd?


Rakettvitskap — Arild @ 22. januar, 2005

1 innspel »

  1. Det beste ved å vere sjuk er å bli frisk att!

    Innspel by J — 22/1/2005 @ 21:05

RSS-nyheitsstraum med innspel til dette innlegget. TrackBack URI

Legg att eit innspel







Lang dags ferdt mot fnatt © 2004 - 2011.
(c) 2012 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity