Paris - Konstantinopel

Skrive av Gisle den 16. januar 2005

Til neste år skal eg på eventyr. Eg veit ikkje kvar, eg veit rett nok ingenting, anna enn at det er nettopp dette som er planen. Som ein dråpe frå den klåre vestlandshimmelen kom eg til å tenke på Orient Expressen. Korleis var det vel ikkje å trille gjennom Europa, mot aust, omringa av kelnarar og servitriser, hattar og sigarar, og sist men ikkje minst madammer med røyk på stilk (dette er eg ikkje kar om å hugse kva heiter). Kva er vel betre enn både eit taktfullt og eit taktfast tog?

Dette toget, dette teiknet på ubegrensa luksus, tok sin første tur 4. oktober 1883 frå metropolen Paris til Giurgi (Romania). Etter århundreskiftet vart Simplon-tunnelen opna, på den tida verdas lengste, og ruta vart utvida til Konstaninopel. Diverre etter krig og elende ved 2.verdskrig vart det umogleg å køyre tog gjennom Europa, dette førte til at toget gjekk ut av drift i mai 1977. Siste tur toget tok var den tristaste nokon sinne, køyrande med ei ussel sovevogn og eit par-tre kjipe vogner. Toget går den dag i dag under navnet The Venice Simplon Orient Express og satsar på luksus av den gamle sorten. Etter at togentusiast James B. Sherwood kjøpte to vogner frå Sotheby’s auksjonen i 1977, er også originale delar frå leganda med på reisa austover, og kjensla av å vere ufatteleg rik er enno oppnåeleg. Sjølvsagt, for oss dødelege vil kjensla av å ha brukt sparepengane på tullskap vere langt sterkare etter å kjøpt billetten lydande $5364 Paris - Istanbul (dagens).
Så, kjære venner, det blir nok ingen Orient-tur på meg med det første. Eg kan reise med hatt og stil på eventyr ein annan stad (ein annan stad? går det an å skrive?), det er i alle fall det eg seier til meg sjølv. Etter dette sit eg igjen med ein knust smådraum og mykje tullete vitskap. Eg er nøgd.

G

Lær meir!
Orientekspressen
Nok ein lang togtur

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

4 kommentarar til “Paris - Konstantinopel”

  1. 1E.
    januar 16th, 2005 @ 18:57

    Kan ikkje sjå noko problem med å skrive “ein annan stad”! Elles er dette ein av dei få lengre togturane eg kunne tenkt å ta i løpet av livet (kanskje den einaste) då eg ikkje er særs begeistra for lange togturar i det heile.

  2. 2Håvard
    januar 17th, 2005 @ 12:09

    Det finst då andre minnerike togturar å ta. Den Transsibirske Jernbane er lang, men kanskje ikkje like spanande no etter jarnteppet fall. Far min tok turen ein gong på åttitalet, og då kunne han ha finansiert turen med sal av vestlege jeans om han hadde vore om seg. Elles har svorger Leiv fortald om ein tredagarstur frå sør til nord i India som nesten var gratis på fyrste klasse. No er vel omgrepet fyrste klasse litt relativt, men dog. Kan for eiga rekning ikkje tilrå togturen Ill Rousse - Ajaccio på Korsika. Dette må vere ein av dei sjukaste strekningane i vest-Europa. Skinnegangen såg ut som han var laga av blinde fyllikar ein gong på 1500-talet og nedbremsing i kurvar var eit ukjend fenomen. Vakkert var det, men vanskeleg å konse på det når magen er i ulage, og dersom ein finn på å stikke hovudet ut vindauge for frisk luft vert ein trefft av tre og busker.

  3. 3A.
    januar 21st, 2005 @ 15:32

    For meg blir oritenekspressen litt for mykje snurrebart (Poirot) og Michael Palin - ikkje noko gale i dèt, anna enn at beggje er litt opp i åra, mens eg framleis er ein ung mann (som Tower of Power så fint syng). Med andre ord, dette er ein tur ein kan ta når ein er femti.

    I mellomtida kan ein ha influensa, slik som meg - så fekk eg sagt det òg.

  4. 4Skollerud
    mai 4th, 2006 @ 10:00

    Togtur på Korsika kan absolutt anbefales. Litt slingrinig setter bare ekstra spiss på opplevelsen av det vakre landskape og gir god opplevelse av hvordan skinnegangen er lagt i det bratte terenget. Myyye bedre enn noen Flåmsbane!

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Alle gode ting er tre, men kven er best?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv