Den gode skiten(TM)

Skrive av Arild den 13. januar 2005

Good shit

Haruki Murakami ville vel kalla det for seinkapitalisme (men han kaller jo alt for seinkapitalisme), eg kaller det monetær lukke. I alle høve, Apple har funne det opportunt å lansere nokre nye produkt. Mellom anna ein mini-Mac (tenk Dr. Evil) til berre fire laken, ein flashbasert iPod til ein rimeleg penge og ein semikonkurrent til MS Word. Som alt anna hjå Apple er òg dette kvitt, skinnande og ber bod om at ein nok får eit betre liv straks ein har tileigna seg desse produkta. Eg veit ikkje korleis dei får det til, men eg fekk i alle høve lyst på alt i hop - sjå sjølv.

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

2 kommentarar til “Den gode skiten(TM)”

  1. 1Harald
    januar 13th, 2005 @ 22:39

    Det som er gale er jo at det berre er eg av brødrene Vengen som har råd til desse nye Apple-tinga. Dette fordi eg no har blitt Filthy Rich (registrert varemerke) etter å ha fått utbetalt både desemberløn og midlar frå Lånekassa. Det, og det faktum at eg allereie har to fine kvite Appleting i form av ein iBook og ein iPod. Og livet blei sjølvsagt mykje betre etter at eg fekk desse teknologiske vidundera.

  2. 2A.
    januar 13th, 2005 @ 23:17

    Vi andre kaller deg no berre lakmustesten. Vi kan diverre ikkje sjå at du scorer fått markant høgre på levemannsindeksen sjølv etter å ha punga ut for to kvite, skinnande plastboksar. Du er heldig som ikkje er belemra med kameraholisme, men det ligg nok der - latent. Eitt ord for deg: Inkubasjonstid.

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Piker, vin, eller sang?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv