Arkiv for januar, 2005
Fabelaktige fotobøker
sundag, 30. januar, 2005

Som nokre kanskje har fått med seg er eg svært svak for flotte fotobøker, i fjor haust kom det ut ei bok som eg med ein gong visste at eg måtte ha - Magnum Stories. I går fekk eg endeleg somla meg til å kjøpe den, no venter eg berre på at den skal ta turen over dammen (halv pris hjå Amazon i forhold til Norli). Vart litt riven med og kjøpte to andre (dyre) fotobøker i tillegg - botsøvelse neste.
Fekk elles laga ein god del kontaktkopiar i går, har no kontaktkopiar av alle filmane mine - ein god følelse.
Kom over denne fotobloggen i går, vel verd ei vitjing.
Ein langvarig forkjølelse
torsdag, 27. januar, 2005

Dei siste fjorten dagane har eg sett livet passere i sakte film, nærare bestemt, filmen “Ein langvarig forkjølelse” (hovudrolleinnehavar kjend frå “Den fabelaktige reisa til Ã…mli frå Montmartre”), ein riktig snørrig film var det.
I dag skal vi elles snakke litt om sjangeren kontemporær R&B. Først litt ikkje-så-kjekke nyhende. Ungpikeidolet og Prestesonen D’Angelo - som mellom sit-upsane rakk å spele inn dei flott-flotte platene Brown Sugar og Voodoo - har begynt å knarke og blir meir og meir spritpløsete for kvar gong han blir hanka inn av überpolizeikommisärane, med andre ord - ikkje noko nytt album på veg. Dei to båskameratane til D’Angelo, John Legend og Raphael Saadiq har gjort det noko kvassare i det siste ved å sleppe godplatene “Get lifted” og “As Ray-Ray”- fellesnemnar er mellom anna gjesting av Snoop Dogg (som alltid). Raphael har òg med seg folka frå gamlebanda sine, Lucy Pearl og Tony! Toni! Tone! og det drar jo opp. Beggje platene ligg i filarkivet på paraply for dei som er slik inklinert).
Til slutt, det blir kviskra om at Portishead jobbar med eit nytt album, berre ni år etter det førre, trur eg gler meg litt - synes i alle fall at Beth Gibbons gjorde det skapeleg på samarbeidsplata ho spelte inn med Rustin’ Man for nokre år sidan, så eg reknar med at dei framleis kan levere.
Ikkje ring oss, vi ringer deg
måndag, 24. januar, 2005
Internettelefoni er ein fin ting. Gratis og god lyd. Last ned på skype.com
Neida, joiken døyr aldri
laurdag, 22. januar, 2005

For tankeeksperimentets skuld, reint hypotetisk, kva vil ein gå glipp av om ein er influensasjuk nokre dagar? Her følgjer ei kort liste:
- Tre dagar med godt betalt BUPA-jobbing
- Semesterets første store psyk.fest
- Ludus
- Psykoanalyseforelesingar holdt av mann på 1,50 med namn Binder
- Obligatorisk personlegdomstest (MMPI-2), med stipendiat Saus
- Gratis flytur Bergen-Oslo-Bergen
- Treffe kjærasten sin
- Ta del på landmøtet til PsychAid i Oslo
- Snø i Bergen med tilhøyrande aking frå Fløyen
Så, kva vinn ein så på å vere sjuk?
- Ein får lært seg det som er å vite om russisk optikk
- Lærer å setje pris på Kleenex med balsam(!)
- Får sett til livs to flasker solbærsirup
- Begynner å by på obskure kamera på ebay
Eg skal ikkje komme med nokon verdivurdering av desse opplevingane, men om ein tek ei kort oppteljing vil ein nok finne ut at det kan sjå meir forlokkande ut å vere ved god helse. Kven skulle trudd?
En liten pike i lave sko, kan gå på strøket i fred og ro
fredag, 21. januar, 2005

…jamfør Nora Brockstedt. Eg har med andre ord høyrt på NRK Sogn og Fjordane, innimellom trekkspelmusikken fekk dei intervjua Norvald “NoNickName” Nøringset om eit eller anna kunstverk - han rakk å seie: “Spennande og interessant”, “Kjempekjekt og kjempespennande” i løpet av dei første to setningane. Mykje det same som foreldre seier om dei sløydtinga ungane kjem heim med.
Paris - Konstantinopel
sundag, 16. januar, 2005
Til neste år skal eg på eventyr. Eg veit ikkje kvar, eg veit rett nok ingenting, anna enn at det er nettopp dette som er planen. Som ein dråpe frå den klåre vestlandshimmelen kom eg til å tenke på Orient Expressen. Korleis var det vel ikkje å trille gjennom Europa, mot aust, omringa av kelnarar og servitriser, hattar og sigarar, og sist men ikkje minst madammer med røyk på stilk (dette er eg ikkje kar om å hugse kva heiter). Kva er vel betre enn både eit taktfullt og eit taktfast tog?
Dette toget, dette teiknet på ubegrensa luksus, tok sin første tur 4. oktober 1883 frå metropolen Paris til Giurgi (Romania). Etter århundreskiftet vart Simplon-tunnelen opna, på den tida verdas lengste, og ruta vart utvida til Konstaninopel. Diverre etter krig og elende ved 2.verdskrig vart det umogleg å køyre tog gjennom Europa, dette førte til at toget gjekk ut av drift i mai 1977. Siste tur toget tok var den tristaste nokon sinne, køyrande med ei ussel sovevogn og eit par-tre kjipe vogner. Toget går den dag i dag under navnet The Venice Simplon Orient Express og satsar på luksus av den gamle sorten. Etter at togentusiast James B. Sherwood kjøpte to vogner frå Sotheby’s auksjonen i 1977, er også originale delar frå leganda med på reisa austover, og kjensla av å vere ufatteleg rik er enno oppnåeleg. Sjølvsagt, for oss dødelege vil kjensla av å ha brukt sparepengane på tullskap vere langt sterkare etter å kjøpt billetten lydande $5364 Paris - Istanbul (dagens).
(more…)
Bergen by byte
fredag, 14. januar, 2005

Fekk svidd ni av G. sine laken på eit Canon EOS-300D Ninja-stako her om dagen. Fekk løyve til å teste pittelitt.
Late For The Sky
fredag, 14. januar, 2005
Moteriktig seint, eller berre seint, kanskje, kjem her mine lister over musikkåret 2004, samt over 2005 så langt. Det plagar meg (berre litt, men likevel) at når musikkjournalistar og anna meir eller mindre skrivekyndige folk lagar lister over plater dei likar, tar dei berre med dei platene som kom ut akkurat det året. Dei tar altså ikkje hensyn til at det at ein ofte ikkje får høyrt plater før året etter dei kjem ut. Det viser seg at ikkje alle får tilsendt musikken gratis frå plateselskapa (kven skulle ha trudd?). Difor har eg sett saman ei heller kort liste over plater som kom ut i 2003, men som eg av ymse grunnar ikkje fekk ta del i før i 2004. In no particular order, som dei seier i det store utland:
- Fountains of Wayne - Welcome Interstate Managers
- Sufjan Stevens - Greetings From Michigan: The Great Lakes State
- The Shins - Chutes Too Narrow
- Death Cab For Cutie - Transatlanticism
- The Postal Service - Give Up
Må i samme bane få seie frå om kva som var dei beste platene som kom ut i sjølve 2004, som eg fekk høyrt på, iallfall:
- Iron & Wine - Our Endless Numbered Days
- Phoenix - Alphabetical
- Ken Stringfellow - Soft Commands
- Wilco - A Ghost Is Born
- Brian Wilson - Smile
- Kanye West - The College Dropout
Og til slutt, nyoppdaga plater som har sett sitt preg på 2005 så langt:
- Sufjan Stevens - Seven Swans
- John Legend - Get Lifted
- Jackson Browne - Late For The Sky
- Elliott Smith - XO
- Elliott Smith - Figure 8
Sidan 2005 er såpass ungt, reknar eg med fleire kjem til å føye seg til den siste lista før heller enn seinare. Viss det finst andre der ute som eigentleg er middelaldrande musikkjournalistar fanga i ein ung kropp, må dei kjenne seg frie til å flisespikke på desse listene.
Internettendensar
torsdag, 13. januar, 2005
Mellomste bror Vengen vel ein mjuk start, og kjem berre med ein link i sitt første innlegg på denne bloggen (og sluttar herved også å omtale seg sjølv i tredje person). Alle kan ha godt av å ta ein tur innom McSweeney’s Internet Tendency . Det er vel eit slags forlag, med litt forskjellige aktivitetar som de kan lese om sjølve. Eg synest iallfall mykje av tinga her retteleg kjekke å lese. Mellom anna er Dave Eggers, mannen bak den fine boka A Heartbreaking Work of Staggering Genius, å treffe her. Ta ein tur, dette er fornøyeleg tidsfordriv.
Afrikanske albinoar
torsdag, 13. januar, 2005
Ein, for meg, totalt ukjend reisebokforfattar med døypenamn Redmond O’Hanlon har skrive eit lite, men svært fint stykke om fotografar, fotoapparat og afrikanske albinoar i Guardian
Dei afrikanske albinoane er sjølvsagt med på å dra opp eit kvart skrivestykke, dette må eg leggje meg på minnet.
Den gode skiten(TM)
torsdag, 13. januar, 2005

Haruki Murakami ville vel kalla det for seinkapitalisme (men han kaller jo alt for seinkapitalisme), eg kaller det monetær lukke. I alle høve, Apple har funne det opportunt å lansere nokre nye produkt. Mellom anna ein mini-Mac (tenk Dr. Evil) til berre fire laken, ein flashbasert iPod til ein rimeleg penge og ein semikonkurrent til MS Word. Som alt anna hjå Apple er òg dette kvitt, skinnande og ber bod om at ein nok får eit betre liv straks ein har tileigna seg desse produkta. Eg veit ikkje korleis dei får det til, men eg fekk i alle høve lyst på alt i hop - sjå sjølv.
Radio Burugle
fredag, 7. januar, 2005

I avdelinga for jordisk gods og gull kan det meldast at eg dette semesteret skal få låne onkel Hans sin blå damesykkel. Dette då min eigen blå sykkel er punga (som det så fint heiter), og det er lettare å frakte onkel Hans sin blå damesykkel frå Førde til Bergen, enn å lappe den holete slangen.
Verdas beste kombinerte slagvåpen og kamera, Lynxen min, tek truleg turen til Svalbard for å overvintre i ei fangsthytte der, eg gleder meg stort over at mine eks-kamera får oppleve slikt.
På lyttefronten er siste nytt at eg held på å utvikle meg til ein nettradiokonnosør, det viser seg at det framleis er ein del radioprogram som det er verd å låne øyre til, sjølv om ingenting kjem opp mot IRMA 1000 (så fekk eg sagt dèt). Mitt sendeskjema ser no slik ut:
- Herreavdelingen
- Tazte Priv
- Korrespondentbrevet
- Kalendermyter
- P.I.L.S.
- Hallo i uken
Vidare hender det at eg dett innom føremiddagssendingane til NRK Sogn og Fjordane, samt Ordfront og Filmfront (Popfront er diverre belemra med ein lettare evneveik programleiar). Dette til informasjon.
Kva trur du på?
torsdag, 6. januar, 2005

“…now the Oxford University evolutionary biologist is among the 117 scientists, futurists and other creative thinkers who have responded to the question: “What do you believe is true even though you cannot prove it?” posed by John Brockman, a New York-based literary agent and publisher of Edge, a website devoted to science.”
Kom over nettsida edge.org som dei siste tre-fire åra har stilt ontologiske spørsmål til (stort sett kjende amerikanske) forskarar og teoretikarar, blant dei meir interessante er årets spørsmål: Kva trur du på sjølv om du ikkje kan forklare det?
Det er berre å begynne og lese her, eller her om du vil ha alt på ei side, eldre spørsmål finn du her.
På triviasida kan eg nemne at MF Doom og Madlib sitt samarbeidsprosjekt Madvillain er gode greier, lytt, lytt!
Litt kamerastatistikk
onsdag, 5. januar, 2005

(kun til glede for meg sjølv).
Eit oppmuntrande julklapp på skuldra - eg har no klart å kvitte meg med fleire kamera - i alle fall mellombels. Canoneten er utlånt til min bror i Nord, Lomoen er utlånt til Easy E. og min svinebror Gr1sen går i posten i kveld. Klapp, klapp.
Posta nett nokre bilete på Jubeltelegrafen, alle frå juledagane. Må seie at det er uvant med autofokus (Hexar), blir meir bom enn treff - men slikt ordnar seg vel.
Det er framleis inneveir, eg får difor lest litt i “Bystander: A history of street photography”, kanskje det beste eg har lest om Henri Cartier-Bresson så langt - må nok skaffe meg ei bok av HCB snart. Likeeins har eg fått høyrt litt på Ken Stringfellow si “Soft commands” - fin plate.