Attende i Bergen

Paraplyjente
Jula er over – verda har blitt skaka og det fløymer over med triste lagnader – eg føler ein burde gjort noko skikkeleg, men det einaste ein kan er vel å gi pengar – noko som berre blir ei tåre i havet. Likevel, her går livet vidare. Eg er attende i Bergen, klar for nyårsfeiring med kjende og kjære – eg blir alltid overraska over kor ulikt det er å opphalde seg i Bergen i forhold til Førde – det einaste konstante er regnet. Har brukt dagen på å akklimatisere meg, mellom anna ved å høyre på mjuk musikk.

Dagens speleliste:

  • Peter Skellern – Hold on to love
  • The Doobie Brothers – What a fool believes
  • Karate – Sever
  • Edison Lighthouse – Love grows
  • Annie – Heartbeat
  • Fountains of Wayne – Fire Island
  • Madvillain – Accordion

Peter Skellern sin mjuk-mjuke Hold on to love er no inne på mjuktoppen, saman med stayerane You belong to me med The Doobie Brothers og Little Feat – Long distance love.

«hold on, if love don’t come soon, then it comes late (baby come on – hold on to love)»


Rakettvitskap — Arild @ 31. desember, 2004

0 Comments »

Ingen innspel enno.

RSS-nyheitsstraum med innspel til dette innlegget. TrackBack URI

Legg att eit innspel







Lang dags ferdt mot fnatt © 2004 - 2011.
(c) 2012 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity