Kameralainen
Ikkje berre fann eg att mitt fyrste kamera, eg fann òg eit kamera som rett og slett såg ut til å vere brukande, eit Chinon 35 EE – eit målsøkarkamera frå det glade åttitalet, med eit 38mm f/2,8-objektiv, Matt har som vanleg litt naudsynt informasjon om dette kameraet. Kjenner eg meg rett klarer eg nok ikkje å setje det igjen i Førde (noko som sjølvsagt vil føre til den sikre død), med andre ord kan eg helse kamera nr. ti eller elleve velkomen…
Mellom juleselskap og peparkaker har eg fått tid til å låne eit Canon D30 – eit heilt OK DSLR som kosta 30 000 nytt og no kan kjøpast for rundt fire laken. Ta eit D3o, lag eit «adapter» på ca. 2 mm. med maskeringsteip og surr fast eit Zuiko-objektiv framfor, så har ein eit noko rart kamera. Eg testa med andre ord ein Zuiko 50/1,8 og ein 85/2 på Canonen, det gav definitivt meirsmak, trur Zuiko + Canon = Sant.
Eg har diverre ikkje nokre skapelege bilete å vise til, då teip-adapteret nok enno ikkje er produksjonsklart, men eg fekk prøvd såpass mykje at eg no har byrja å skrape i hop flis til DSLR – manglar nett no ni laken på dei åtte eit slikt kostar. Eg blir nok straffa hardt at filmguden for slike tankar, jaja.
Moro å høyre om adapterlaginga. Dette er noko eg har trua på! Kanskje ikkje ditt maskeringstapeadapter, men altså Zuiko+DSLR. Elles kjenner eg til Chinonen..det er eit slikt kamera som ein kan finne med ulike namn og merke. Det er lite og sikkert brukande!