Mitt fyrste kamera, eit fyrstekamera!
Vel heime i Førde oppdaga eg at bror min, G., hadde leita fram samtlege kamera (eller fotoapparat som det heiter her) som har vore i familiens eige dei siste tjue åra. Grunnen var sjølvsagt at ma. meinte det var på høg tid å få kasta skiten. Blant dei mange svarte og klumpete var det eitt som skilde seg ut, mellom anna ved å vere enno meir klumpete (og ikkje minst raudare!) enn alle dei andre – mitt fyrste kamera! Den raude, klumpete (men merkeleg lette) plastboksen ber det klingande namnet Haking Vision I, med undertittelen Ultra-Compact (nuvel) og focus-free f/5,6 lens (tja). Aldri har vel eit ultrakompakt kamera vore meir omfangsrikt, og sjeldan har eit så stort kamera vore så lett. Ein skulle tru at eit slikt kamera stod øverst oppe på den lange kastelista (eller nederst i kastesystemet), men det viser seg at det framleis ligg her ved sidan av maskina, mitt fyrstelege pariakamera. Merkeleg.
Mitt fyrste kamera fekk eg av bestemor ein gong tildleg på 80-talet,Agfa Agfamatic Sensor 100, bilde:
http://www.lyndrup.dk/ken/Engelsk/Agfa/Agfamatic%20100%20Sensor%20E.htm
Likar det framleis, men sidan 126(kasett) film ikkje er så enkelt korkje å kjøpe eller å få framkalla om dagen..er det vel omlag 15 år sidan det var film i kameraet. Interessant er det og at dette kameraet lagar kvadratiske negativ..ikkje ulikt min vesle 500C/M. Kanskje det altså er frå mitt fyrste kamera at kjærleiken til det kvadratiske formatet er å finne.
Aiai. Det var ein del finare enn mitt (trur eg kjøpte mitt sjølv, truleg for 295,-). Når det gjeld ditt lisje (vel…) 500C/M er det berre å seie i frå når du blir lei av det…
Fann eit kamera til, men det tenkte eg eg skulle poste litt skikkelegare om, eit Chinon 35 EE. (elles fint å høyre at Lars ikkje vart råka av flaumen).