Som julestemninga på kjerringa

Måndag føremiddag fann eg, Easy E. og K. ut at det var tid for å komme seg heim til jul. Vi lasta opp den noko tilårskomne Corollaen til Easy med julegåver til fjern og kjær og sette kursen mot fylkesgrensa. Det var lyst og kvitt då vi drog, og etter kvart fekk i alle fall eg skikkeleg julestemning då K. sette på Driving home for Christmas. I Førde har eg allereie fått høyrt vel hundre ulike julesongar (alt frå Bugge Wesseltoft til The Rat Pack sine tolkingar) – høgdepunktet så langt er vel likevel då eg og G. sette ny krinsrekord i pussing av messinglysestakar med tretti stakar på to timar (kven andre har tretti messinglysestakar heime?)


Rakettvitskap — Arild @ 22. desember, 2004

0 Comments »

Ingen innspel enno.

RSS-nyheitsstraum med innspel til dette innlegget. TrackBack URI

Legg att eit innspel







Lang dags ferdt mot fnatt © 2004 - 2011.
(c) 2012 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity