Konsumprisindeks

Skrive av Arild den 19. desember 2004

..sjå der, eit ord eg ikkje har skrive dei siste åtte åra. Lista over mine engelskspråklege favorittjulesongar er kort - den inneheld kun 12 days of Christmas, likeeins er lista over spanske julesongar eg ikkje har noko til overs for - den inneheld kun Feliz Navidad (spesielt ille i Gloria Estefan si tolking). Tilbake til dei tolv juledagane, ein eller annan bank har sidan 1984 og fram til no rekna ut kva dei tolv juledagane kostar, send SND-midler seier no eg:
“…indicating a steady rise in the cost of skilled labor while the price of two turtle doves and three French hens may be a little easier on your wallet”

Dagens pseudonym: Abu Garcia (den spanske spionen).

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

2 kommentarar til “Konsumprisindeks”

  1. 1Harald
    desember 21st, 2004 @ 0:13

    Så då forstår eg deg slik at du er glad i alle andre spanske julesongar enn Feliz Navidad? Godt, då fekk eg bekrefta at eg valde riktig då eg kjøpte “Gloria Estefan sings her Christmas Favorites” til deg i julegåve. Når det gjeld 12 days of Christmas, likar eg den best i Alan Partridge si tolking, frå juleprogrammet han laga for nokre år sidan. Håpar kvart år at den skal bli sendt om igjen, utan at det ser ut til å hjelpe.

  2. 2A.
    desember 22nd, 2004 @ 16:17

    Noko semmert av deg å røpe kva eg får i julegåve. Når det gjeld A. Partridge lasta eg ned første sesong med knowing me, knowing you nett no. Framleis usikker på kva eg skal gi til deg til jul, det står mellom fem VHS’ar med Wenche Foss og Jeg er Dina i luksusutgåve. Aiai. A.

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Alle gode ting er tre, men kven er best?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv