Arkiv for desember, 2004

Attende i Bergen

fredag, 31. desember, 2004

Paraplyjente
Jula er over - verda har blitt skaka og det fløymer over med triste lagnader - eg føler ein burde gjort noko skikkeleg, men det einaste ein kan er vel å gi pengar - noko som berre blir ei tåre i havet. Likevel, her går livet vidare. Eg er attende i Bergen, klar for nyårsfeiring med kjende og kjære - eg blir alltid overraska over kor ulikt det er å opphalde seg i Bergen i forhold til Førde - det einaste konstante er regnet. Har brukt dagen på å akklimatisere meg, mellom anna ved å høyre på mjuk musikk.

Dagens speleliste:

Peter Skellern sin mjuk-mjuke Hold on to love er no inne på mjuktoppen, saman med stayerane You belong to me med The Doobie Brothers og Little Feat - Long distance love.

“hold on, if love don’t come soon, then it comes late (baby come on - hold on to love)”

Rakettvitskap | Ingen kommentar

Kameralainen

onsdag, 29. desember, 2004

Ikkje berre fann eg att mitt fyrste kamera, eg fann òg eit kamera som rett og slett såg ut til å vere brukande, eit Chinon 35 EE - eit målsøkarkamera frå det glade åttitalet, med eit 38mm f/2,8-objektiv, Matt har som vanleg litt naudsynt informasjon om dette kameraet. Kjenner eg meg rett klarer eg nok ikkje å setje det igjen i Førde (noko som sjølvsagt vil føre til den sikre død), med andre ord kan eg helse kamera nr. ti eller elleve velkomen…

Mellom juleselskap og peparkaker har eg fått tid til å låne eit Canon D30 - eit heilt OK DSLR som kosta 30 000 nytt og no kan kjøpast for rundt fire laken. Ta eit D3o, lag eit “adapter” på ca. 2 mm. med maskeringsteip og surr fast eit Zuiko-objektiv framfor, så har ein eit noko rart kamera. Eg testa med andre ord ein Zuiko 50/1,8 og ein 85/2 på Canonen, det gav definitivt meirsmak, trur Zuiko + Canon = Sant.
Eg har diverre ikkje nokre skapelege bilete å vise til, då teip-adapteret nok enno ikkje er produksjonsklart, men eg fekk prøvd såpass mykje at eg no har byrja å skrape i hop flis til DSLR - manglar nett no ni laken på dei åtte eit slikt kostar. Eg blir nok straffa hardt at filmguden for slike tankar, jaja.

Fotografering | Ein kommentar

Mitt fyrste kamera, eit fyrstekamera!

måndag, 27. desember, 2004

Vel heime i Førde oppdaga eg at bror min, G., hadde leita fram samtlege kamera (eller fotoapparat som det heiter her) som har vore i familiens eige dei siste tjue åra. Grunnen var sjølvsagt at ma. meinte det var på høg tid å få kasta skiten. Blant dei mange svarte og klumpete var det eitt som skilde seg ut, mellom anna ved å vere enno meir klumpete (og ikkje minst raudare!) enn alle dei andre - mitt fyrste kamera! Den raude, klumpete (men merkeleg lette) plastboksen ber det klingande namnet Haking Vision I, med undertittelen Ultra-Compact (nuvel) og focus-free f/5,6 lens (tja). Aldri har vel eit ultrakompakt kamera vore meir omfangsrikt, og sjeldan har eit så stort kamera vore så lett. Ein skulle tru at eit slikt kamera stod øverst oppe på den lange kastelista (eller nederst i kastesystemet), men det viser seg at det framleis ligg her ved sidan av maskina, mitt fyrstelege pariakamera. Merkeleg.

Fotografering | 2 kommentarar

Som julestemninga på kjerringa

onsdag, 22. desember, 2004

Måndag føremiddag fann eg, Easy E. og K. ut at det var tid for å komme seg heim til jul. Vi lasta opp den noko tilårskomne Corollaen til Easy med julegåver til fjern og kjær og sette kursen mot fylkesgrensa. Det var lyst og kvitt då vi drog, og etter kvart fekk i alle fall eg skikkeleg julestemning då K. sette på Driving home for Christmas. I Førde har eg allereie fått høyrt vel hundre ulike julesongar (alt frå Bugge Wesseltoft til The Rat Pack sine tolkingar) - høgdepunktet så langt er vel likevel då eg og G. sette ny krinsrekord i pussing av messinglysestakar med tretti stakar på to timar (kven andre har tretti messinglysestakar heime?)

Rakettvitskap | Ingen kommentar

Konsumprisindeks

sundag, 19. desember, 2004

..sjå der, eit ord eg ikkje har skrive dei siste åtte åra. Lista over mine engelskspråklege favorittjulesongar er kort - den inneheld kun 12 days of Christmas, likeeins er lista over spanske julesongar eg ikkje har noko til overs for - den inneheld kun Feliz Navidad (spesielt ille i Gloria Estefan si tolking). Tilbake til dei tolv juledagane, ein eller annan bank har sidan 1984 og fram til no rekna ut kva dei tolv juledagane kostar, send SND-midler seier no eg:
“…indicating a steady rise in the cost of skilled labor while the price of two turtle doves and three French hens may be a little easier on your wallet”

Dagens pseudonym: Abu Garcia (den spanske spionen).

Rakettvitskap | 2 kommentarar

Still lost in translation!

onsdag, 15. desember, 2004

Scarlett Då var endeleg eksamen vel overstått og ein kan byrje å uroe seg for meir alvorlege problemstillingar. Eg er mellom anna litt bekymra over at eg har sett heile ti filmar med sleskesleipen Hugh Grant i ei av hovudrollene, mens eg berre har sett fire filmar med nydelege Scarlett Johansson. Er dette noko eg bør tenkje meir over? Kan eg evt. gjere noko med det? Vidare har det komt meg for øyret at det blir jobba med ein oppfølgjar til Lost in translation, det er ikkje mykje ein veit enno, men filmen skal heite still lost in translation! (norsk tittel: “Hjelp, vi er i Japan på forrentningsreise!”) , den skal regisserast av pappaen til Sofia Mafia, Francis Ford Mafia og Bill Murray (er ikkje dèt ein likandes kar!) blir tuppa ut og erstatta med Chevy Chase. Eg har allereie funne fram kinopengane.

Ã…ja, eg har hosta opp to nye pseudonym til bruk på ymse nettstader, Veritabel T. Smoergaasbord og Stein Sachs-Papiir. Ah, så mange ord! Så lite meining!

Rakettvitskap | Ingen kommentar

H.

torsdag, 9. desember, 2004

Hildegunn

Fotografering | 2 kommentarar

Løyndomen

torsdag, 9. desember, 2004

Nokre ser aldri ut til å vekse frå eksamen, eg er blant desse. Ei føremon med dette er at eg har hatt god tid til å perfeksjonere eksamenslesinga, det viktigaste er sjølvsagt eit godt grunnlag, ikkje fagleg - men mentalt. Her følgjer oppskrifta for intensiv lesing - på folkemunne kalla “skippertakmetoden”.

Det viktigaste er å starte dagen med to timar avslapping, la oss seie frå åtte til ti - dette er sjølve fundamentet - så ikkje noko fjuksing. Etter ein dusj og inntak av næringsrik føde (sjølvsagt inkludert eplesylte, kaffi og sjokolade), bør ein høyre på ei god plate - eg vil her tilrå Cæcilie Norby si siste, London/Paris. Vidare bør ein få lest litt i ei lett og god bok, Robert Wilson skriv særs passande lektyre, men om ein skulle ha lest alt av denne karen kan Haruki Murakami vere eit alternativ, t.d. Dans, Dans, Dans (men då bør ein allereie ha lese Norwegian Wood og Sauejakten).

Den perfekte morgonen bør rundast av med ein artig TV-serie - her er det lett å gjere feil, men ein tommelfingerregel er at ein styrer unna alt som KomiStudio har lagt pølsetommelfingrane sine på. Sats heller på den snurrige serien “Scrubs” - eller “Helt sykt” som den heiter hjå TV3 (ein styrer sjølvsagt unna TV3 og tankar ned nokre sesongar med Scrubs frå suprnova i skapeleg tid før eksamen - ein er då litt framsynt!).

Om ein i tillegg har hugsa å hive på seg noko høveleg tøy er ein godt rusta for den kommande dagen, og ein kan med stoisk ro ta med seg paraplyen på luftetur til lesesalen.

Då gjenstår det berre å seie ein ting: Gorillavrengetryne.

Rakettvitskap | Ingen kommentar

Systa

fredag, 3. desember, 2004

Eg har utvikla eit “Arkivsystem for bilete” - kalla ARKIVFOBI. Det fungerer til ein viss grad, eg leita etter nokre dias frå Bryggen - men fann dette biletet i staden for, synes eigentleg ikkje det er så gale.

Eli

Fotografering | Ingen kommentar

Kva gjer ein på Hareid når adventstida kjem?

fredag, 3. desember, 2004


Ei avis på Hareid (Vikebladet vestposten?) har spurt kva Rune Børjesson, Hareid, gjer for å markere advent.
(takk til V. for tips og mail)
(more…)

Rakettvitskap | 2 kommentarar

Norskspråklege punkebandnamn

fredag, 3. desember, 2004

Alle som har spelt punkebassgitar veit kor vanskeleg det er å finne på gode, norske bandnamn. Eg tenkte difor eg kunne prøve å hjelpe litt til. Her følgjer to bandnamn henta frå pensumlitteraturen til PSYK331A (Kognitiv psykologi):

Evt. kan ein etterpå lage eit tulleband som heiter Infantilt Amnesti.

Rakettvitskap | 3 kommentarar

Dagens ord: Sex-hetses

onsdag, 1. desember, 2004

Vårt alles kjære dagblad, VG, lanserte i dag det framifrå ordet sex-hetset. Krigstypane vart tekne fram for å gjengi innhaldet frå ei chatteside - dette er openbert noko av det viktigaste som skjer i Noreg - ja i heile verda - i dag. Overskrifta hadde sjølvsagt blitt enno betre om dei hadde dytta inn litt fleire ord, t.d. “Nazi-heks sex-hetses” (prøv å uttale dét!). Framleis er det diverre ikkje i nærleiken av klassikarar som Nazi-prest sex-drept eller øksemorder kreft-drept (kor mykje drap kan ein ha i ei overskrift?), men eit godt forsøk er det no likevel. Klapp på skuldra til VG.

Rakettvitskap | Ingen kommentar

Nye kommentarar

Siste innlegg

Andre stader

Arkiv