Sju er tre for lite

Skrive av Arild den 17. november 2004

Korleis er det? Gjeld det gamle ordtaket om tal fingrar, tal kamera òg? Etter tidlegare å ha proklamert at eg ikkje skulle kjøpe fleire filmbaserte kamera har eg i løpet av den siste månaden svidd litt over fire laken på to nye - noko eg eigentleg er rimeleg godt nøgd med. Eg vil jo alltid vere ei plaga sjel, og nett no misser eg middagskvilen over tal kamera. Eg treng med andre ord amatørhjelp til å velge ut kva to kamera eg kan kvitte meg med, vel, her er lista:

Av desse er det i alle fall uaktuelt å kvitte seg med XAen - då den er med meg over alt og berre svikter meg eit par gongar i månaden. Lynxen har ein noko elendig målsøkar, men har eit nydeleg Yashinon-objektiv også så stor og tung som den er! Vidare er jo alle samde i at Canoneten er eit kjempekamera og ein må vere galen for å kvitte seg med det (ikkje sant Endre?), Lomoen ser jo alltid bra ut sjølv om den nok ikkje blir brukt så mykje. OM-1en er det ikkje aktuelt å kvitte seg med, i tilfelle må eg skaffe meg ein toar eller firar som erstatning. Hexaren har eg enno ikkje sett - men dette har vore drøymekameraet mitt ei stund så det blir ikkje ofra på det dårlege samvitet sitt alter. Då står ein vel igjen med GR1s-en, eller grisen som den heiter, kompakt og fint med god søker og sikkert smashing objektiv, men det bråkar meir enn Brann-bataljonen (med andre ord: Grisen står og hyler…). Eventuelt kan ein kanskje ofre Lomoen òg, den er jo meir fin enn god.

Det beste hadde vore om ein kunne donere til Kameraholikarar Uten Grenser (KUG) eller noko liknande. Så kunne ein blitt varm om hjartet ved tanken på at nett no går ein mongoloid Mongolier med hareskår rundt og knipsar og blir lukkeleg med nett mitt donerte kamera! (ah, korleis kjøpe seg godt samvit og samstundes hjelpe dei hareskårbefengte, for ei vidunderleg verd!)

Fotografering | Kommentarar | Attendetrakk

10 kommentarar til “Sju er tre for lite”

  1. 1A.
    november 17th, 2004 @ 12:42

    Det skal òg nemnast at eg tidlegare i haust fekk Flink Gut(TM)-prisen då eg klarte å kvitte meg med både Holgaen og Lubitelen. Aiai - ein engel i blant oss.

  2. 2E.
    november 17th, 2004 @ 14:00

    Eg tykkjer du skal kjøpe fleire og ikkje kvitte deg med nokon av dei, du burde ha med deg ALLE til ein kvar tid, men kun ha ein film! Slik at du måtte gjere ca. 13 midt-i-filmen-skift dagleg. Det kunne blitt moro!

    Ja, eg veit at eg kvitta meg med ein strøken Canonet GIII 17, men det er jo berre eit av mange…..

    Om du no skulle kvitte deg med to av dei seier eg LOMO og Lynx..har endå ikkje skjønt meg på dette med LOMOGRAPHY! Men veit at Gr-1s`en vil innbringe deg mest monetas! Så den ryk nok tenkjer eg.
    Elles har talet på kamera gått ned her og, er vel komen ned mot 10 snart.

  3. 3Håvard
    november 17th, 2004 @ 16:18

    Hm.. ei stund var det eg som hadde så mange kamera, men no ser eg at de er mykje verre. Og det gler meg. Eg må seie med Endre; kjøp fleire! Både Hexar og OM4.

  4. 4Endre
    november 17th, 2004 @ 18:09

    Lurer på om eg skal ta med meg ein pose(event. søppelsekk) med 80-tals autofokuskamera frå Daae Foto neste gong er innom, berre for å vere sikker på å halde kvantiteten oppe. Og til Håvard: Løp og kjøp!

  5. 5A.
    november 17th, 2004 @ 19:36

    Gjer endeleg det Endre! Kva kjøpsplanar luskar Håvard rundt med då? Eg har i mellomtida vore på posten og henta min Hexar - sweet! Skulle gjerne ha sett meg skikkeleg inn i det, men må nok lese litt meir til den eksamenen eg skal ha i morgon…

  6. 6E.
    november 17th, 2004 @ 20:19

    Grattis med Hexar då! Eit meget godt kjøp både med tanke på kvalitet og pris! Du må sjølvsagt ha det med på laurdag om vi skal til Håvard…grisen og… Veit ikkje om Håvard har tenkt noko meir på 28/1,9 eller noko i den retning…?

  7. 7A.
    november 17th, 2004 @ 21:40

    Tek med grisen og hexaren, fint om du tek med XA’ane (alle?), vil gjerne sjå kor god RF-lapp ein kan oppnå (min er noko bleik). Ta gjerne med ‘blad-en òg, viss det skal klåast meiner eg…

  8. 8E.
    november 17th, 2004 @ 23:27

    Eg skal fylle sekken! Eg har berre to XAàr no..og berre ein med RF…kan sjølvsagt ta med delekameraet og sjå om eg kanskje kan sette nokre nye delar på ditt!

  9. 9A.
    november 17th, 2004 @ 23:55

    Ja, gjer det! Eg lurer framleis på om eg ikkje ein gong skal opne Lynx’en, har funne mange fine oppskrifter, men må få litt meir oversikt først, eigentleg er jo Lynx’en eit kjempekamera - synd om det ikkje blir brukt…

    (kom på at eg har eitt kamera til, eit noko defekt Voigtlander Vitomatic B - men det tel vel eigentleg ikkje)

  10. 10E.
    november 18th, 2004 @ 23:09

    Du har kjemperett i at Lynx`en er eit KJEMPEkamera.

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Alle gode ting er tre, men kven er best?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv