Kong Slaps

Skrive av Arild den 17. november 2004

Så kom endeleg Kong Vinter sin onde tvillingbror, Kong Slaps, på vitjing - og ikkje nok med dèt! Herr Lyn og Herr Tore dura innom ein tur òg. I Bergen er det ei naturlov som seier at første dag med snø òg vil vere første dag med slaps. Skal det halde fram på dette viset kan vi like gjerne byggje tak over heile byen. Ved første tankekast kan dette verke som ei umogleg oppgåve, om lag på linje med oppføring av nytt studentsenter, men eigentleg er det berre eit spørsmål om å mobilisere folkemassane. Enn om vi t.d. utfordrar Trondheim i tak-bygging? Då hadde vi fått tak før russarane rekk å feire nyttår.

Når det gjeld onde tvillingbrødre - finnast det gode tvillingbrødre, eller er dette eit onde ved det å vere tvilling?

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

ein kommentar til “Kong Slaps”

  1. 1Jubeltelegrafen » Blog Archive » Kvar dag ein kvardag
    november 21st, 2004 @ 16:49

    […] n heil del og ikkje teke eit einaste skapeleg bilete. Vidare har eg hatt intime møter med Kong Slaps og venta mykje på bussar som aldri kjem (”Gaia er et annet sted”) - men høyrer […]

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Alle gode ting er tre, men kven er best?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv