Panserkaffitraktaren Potemkin
Skrive av Arild den 4. november 2004
Vår Moccaherre sette i dag langdistanserekord i kaffitrakting., frå rundt åtte i dag tidleg til nærare fire i ettermiddag. I mellomtida vedda vi på fakultetet sjølvsagt om huset kom til å brenne ned eller ikkje - eg kom fram til at ikkje var så nøye då eg likevel hadde planar om å omkalfatre. No skal ein sjølvsagt ikkje trakte etter slike rekordar, men det høver likevel å nemne at det òg vart sett krinsrekord i komfyr i ettermiddag. V. var mannen bak denne bragda.
Skriv ein kommentar