Mi casa, su casa, Picasa

Alle veit at Google(TM) ikkje kan gjere noko gale, i går datt eg over nok eit døme på dette, i form av biletehandteringsprogrammet Picasa – i motsetnad til Photoshop sin filhandterar (og ACDSee i nyare versjonar) er programmet lynande kjapt og lett og forstå seg på – sjølv for dei av oss som ikkje har mellomfag i rakettvitskap. Truleg finn eg ein eller annan alvorleg mangel med programmet like etter at eg har skrive dette – men dåkke kan no i alle fall laste det ned, det er lite og gratis!

http://www.picasa.com/content/download.php


Fotografering — Arild @ 28. november, 2004






Jord, luft, eld & vatn

Bergen - i lysare tider


Fotografering — Arild @ 28. november, 2004






Svake menneske


(bilete lånt frå Mick Feuerbacher si fine side)
Øh, det viser seg at eg plutseleg kom til å kjøpe eit gamliskamera til. Men vent, eg kan forklare! Det hadde seg slik at eg endeleg kom over eit Ricoh R1 hjå UoF – men eg vart djupt såra og vonbroten over dette kameraet, slik eg ser det hadde eg ikkje då anna val enn å kjøpe eit Yashica Electro 35 GT av ein av dei lokale pusharane. Men no er det nok! (vurderte til og med å kvitte meg med Canonet’en, Ah – the madness!)


Fotografering — Arild @ 24. november, 2004






Jag etter vind

Nordnes
Bilete frå Nordnes i fjor haust – grov opp nokre gamle dias eg ikkje visste eg hadde. Teke med Yashica Lynx 14e på Provia 400f.


Fotografering — Arild @ 23. november, 2004






Samandragssamarbeid

Etter oppmoding har eg samla dei ulike samandragsbidraga eg fann i innboksen min. Takk til ulike kullingar for gode bidrag. (trykk på titlane for å laste ned samandraga i PDF-format)

Artikkelsamandrag

Samandrag av Eysenck & Keane – kap. 2-10 & 14-18

Samandrag av Gazzaniga m. fl., kap. 3-7 & 12

Elisabeth sitt Plous-samandrag (kap. 1-15 samt 19-21)

Enjoy!

(Oppdatering 24/11: Har lagt til Anniken sitt Schwartz-samandrag i artikkelsamlinga)
(Oppdatering 28/11: Monica & Tonje sitt samandrag av kap. 6 i Eysenck & Keane er lagt til)


Psykologi — Arild @ 23. november, 2004






Neste side »
Lang dags ferdt mot fnatt © 2004 - 2011.
(c) 2012 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity