..som musikk i mine øyrer

Ved siste oppteljing viser det seg at dette er den musikken eg har prøvehøyrd dei to siste vekene:

    A girl called Eddy
    Ben Harper & the blind boys of Alabama – There will be a light
    Jill Scott – Beautifully human
    Beverly Knight – Affirmation
    Talib Kweli – The beautiful struggle
    Thomas Dybdahl – One day you’ll dance for me, NYC
    Natalie Gardiner

Kort oppsummert kan ein seie at A girl called Eddy var litt skuffande ut i frå det lille eg fekk høyre i vår – ‘litt’ Aimee Mann, men berre litt. Knight var òg litt skuffande, sjølv utan dei heilt store forventningane i utgangspunktet. Kweli var likeeins. Når det gjeld Dybdahl er juryen framleis ute (ingen «From grace» på det nye albumet, diverre). Gardiner sin debut var småfin, men ikkje meir – bortsett frå «For your love» som er fin. Jill Scott-plata er ein del betre, men framleis litt ujevn, likte kanskje spesielt sistesporet – Bedda at home.

Så kjem vi til pokalvinnarane, Ben Harper og the blind boys of Alabama, har høyrt lite på Harper tidlegare, men denne plata var verkeleg fin, mykje av æra går nok til blindingane (som visstnok har holdt det gåande sidan 1938 eller noko slikt…). Om ein ikkje får ei ny Solomon Burke-plate no så får ein klare seg med denne, spesielt spora «There will be a light» og «Picture of Jesus».
Elles går det framleis ein del i enkeltsongar av Gillian Welch – helst grusomt vakre «Everything is free» og harmonihimmelen «Wind & Rain» (med David Rawlings og David Steele). Ah, nye – gode plater er som musikk i mine øyrer.


Musikk — Arild @ 27. oktober, 2004

6 innspel »

  1. Prøvehøyrde òg BH&BBoA og var ein smule skuffa. I ettertid har eg innsett at dette truleg er ei plate som «veks». Alabamagutane har forøvrig gjort mykje gode ting, dei har t.d. sunge med Reiersrud i Bergenstraktene.

    Eg skal høyre Solomon, mange seier han er flink.

    Denne Wind og Rain kjenner eg ikkje til. Eit søk på Google viste at det var eit spor frå ein film, Songcatcher: http://www.moviemusic.com/CD/songcatcher.html
    Sjekk ut All my tears med Julie Miller – klasse. Ser ut til å vere stint av kvalitetsskit i den filmen.

    Innspel by hvrd — 27/10/2004 @ 10:14
  2. Don’t give up on me (Burke) er kanskje noko uvjent, men det er nokre verkeleg fin-fine songar der. Høyr! Høyr! Alabamagutane var vel innom der òg. Skal sjå på Julie M. Høyrer no på nye Jay-Z/R.Kelly-plata, ikkje spesielt imponert.

    Innspel by A. — 27/10/2004 @ 20:44
  3. Den har vel vorte slakta i fleire media om eg ikkje tek feil…

    Innspel by Bistro Totaal — 27/10/2004 @ 21:05
  4. Du tek ikkje feil.

    Innspel by H — 28/10/2004 @ 15:57
  5. Ã…, ei mengde med informasjon/opinion å komme med. Har så vidt fått høyrt på Harper og dei blinde på jobb, blei faktisk litt skuffa, hadde venta meg meir soul på eit eller anna vis. Så framleis er None of us are free på Solomons plate min favoritt Blind Boys-collabo. Forresten skal Solomons Soul Lucky også sjekkast ut, noko bra må det då vere der. Her er eit morofaktum: Han eine av dei blinde er faren til han eine i Eminems possê D12. Dette ifølge ubekrefta kjelder, men eg tar det for god fisk. Og når vi er i rnb/soul-verda, check this: Jigga og Kelly frontin!
    http://www.pitchforkmedia.com/news/04-11/05.shtml
    Dette er moro, så kan plata vere så dårleg den berre vil.

    Innspel by Harald — 10/11/2004 @ 11:36
  6. Dei fem blinde har òg samarbeidd med Knut Reiersrud og så vidt meg bekjent (betjent), spela dei saman under ein Ole Blues-festival for nokre år sidan. Det er fleire spor med dei blinde på både Tramp og Klapp og kanskje på fleire Reiersrud-plater, for det eg veit.

    Sidan eg ikkje heilt klarar denne R. Kelly-soulen, slår eg heller eit slag for litt ordentlege saker: The Staple Singers. Det er Mighty fine stuff (TM).

    Innspel by Mr Gospelman — 17/11/2004 @ 9:17

RSS-nyheitsstraum med innspel til dette innlegget. TrackBack URI

Legg att eit innspel







Lang dags ferdt mot fnatt © 2004 - 2011.
(c) 2012 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity