Leverpostei, saft, skytestreng

Eg trur eg tør seie at det har skjedd ei endring, då eg var mindre såg eg ikkje noko gale i å kombinere skiver med leverpostei og raud saft, vidare hadde eg lommene fulle av skytestreng.
No et eg ikkje leverpostei lenger, drikk sjeldan raud saft – og eg har ikkje ei einaste lomme full av skytestreng.


Rakettvitskap — Arild @ 26. oktober, 2004

4 innspel »

  1. Hmm…leverpostei og raud saft….nja trur eg alltid var veldig kritisk til leverpostei som liten, med unntak av ein type som dei sjølvsagt slutta å lage…eller skifta emballering på..og då smakar det som kjent ikkje det same. Raud saft, har vel alltid vore nr. 2 bak den meir sjeldne gule safta!
    Skytestreng hadde eg enorm tilgong på, då besten jobba i Statens Vegvesen(no MESTA). Arbeidskle er soleis einbetydande med oransje bekledning i både sol, regn og snø(gode varmedressar). Praktisk då oransje syner godt på lang avstand og eg kjem frå ein storgard…i geografisk utstrekning.

    Innspel by E. — 26/10/2004 @ 22:16
  2. Eg fekk så lite gul saft som liten at eg framleis ikkje har teke igjen det tapte, mi innstilling no er at viss det skal vere saft – ja så skal den putle meg vere gul.

    Skytestreng var nok hakke meir sjeldant i Bergen, men eg hugsar vi fekk tak i store nok mengder til å lage ein del sprettartar av spiker og skytestreng (skytestreng var òg ammunisjonen). Ah, kva var vel betre enn å gjere nabojenta blind etter å ha fått inn ein fulltreffar med spretterten?

    Innspel by A. — 28/10/2004 @ 0:35
  3. No skal det vel leggjast til at Statens Vegvesen lever i beste velgåande og sikkert kjem til å gjere det ei tid til. Men at ein del av Statens Vegvesen er blitt til Mesta skal ikkje underteppetfeiast.

    Innspel by Flisa — 28/10/2004 @ 9:04
  4. Har du slutta med leverpostei? Det var nytt!

    Innspel by Nissen — 28/10/2004 @ 16:02

RSS-nyheitsstraum med innspel til dette innlegget. TrackBack URI

Legg att eit innspel







Lang dags ferdt mot fnatt © 2004 - 2011.
(c) 2012 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity