Fotomesse i løvehola
Tradisjonen tru arrangerer dei arge mannfolka hjå Ur og Foto ei fotomesse i galleri Nygaten no til helga, grunna utanomekteskapelege forhold (dvs. forhold som ikkje har noko å gjere med ekteskap) kan ikkje eg stille. Det er sjølvsagt mest leit for min del, då eg hadde planar om å få lurt til meg litt billeg film og kanskje fingra litt på nokre dyre objektiv. Det eg lurer på er om det ikkje er nokre andre som skal, og om ikkje desse kanskje kunne fingra litt for meg, og – ikkje minst – fått smugla med seg litt Ilford-film eller liknande. Eg ville vore takknemleg i fleire minutt for dette.
Eg treng vel først og fremst noko av dette:
Ilford Delta 100 (om ikkje så dyr)
Ilford Delta 400 (laikvais)
evt. Ilford HP5+ (selde til 25/10 før)
Noko Kodak Portra 400UC om dei har til under femtilappen(?).
Evt. noko papir, 20×30, evt. noko større? (har vi framleis «uflaks» med Ilford-papir?
Eg er litt usikker på om dei har så grisemykje film å vise fram. Meiner å hugse at det i fjor var digitalt for alle penga. Då var det kun tilbod på Ilford HP5 og to storleikar i papir. Men vi kan jo drøyme.
Store ting!!
Såg i annonse i BT i dag at Epson/Cosina sin digitale rangefinder kjem på vitjing! Dette er noko som kan vere kjekt å få fikle litt med, i alle fall for oss målsøkarmenn. Elles var det alle AGFA-filmar til 35 kroner og 30% på papir frå Tetenal.
Ã…h, kva går eg ikkje glipp av? Ville berre seie at APX til 35,- er vel eit godt stykke unna tilbod (jamfør tidlegare tilbod med APX 100 til 25,- osb..)
H. – du din snik, er ikkje mykje målsøkarmann igjen der nei.
Arg.