Mitt liv er flaum

Skrive av Arild den 7. oktober 2004

Vel, dårlege biografiordspel til side, ville berre nemne at sjeldan har så mange vore så våte, over så lang tid. Det har med andre ord regna så folk har fått fått vatn i øyret, vatn i kneet, vatn i munnen og våte draumar om sol og sommar. Ikkje eit auge har vore tørt den siste veka, mellom anna har brødrene Everly grete mykje.

Eg trur rett og slett ein blir litt mannevond av å alltid vere våt og kald på beina. Når det gjeld bergensarar anar eg ei kopling mellom ugreit humør og låge sko - (låge sko tek som kjent inn meir vatn enn Blücher og Titanic til saman). Til lågare sko til dårlegare humør - så kan ein berre tenkje seg kor godt humør det var i Bergen på syttitalet - då alle gjekk rundt med platåsko og var generelt “høge”.

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Piker, vin, eller sang?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv