Ein prøver etter fattig evne å få knota ned ei teoretisk oppgåve om kognisjon. Det viser seg plutseleg at ein sit og skriv om generelle metafysiske teoriar om sjelas ontologi – og det kan no ikkje vere så gale.
Ved siste oppteljing viser det seg at dette er den musikken eg har prøvehøyrd dei to siste vekene:
A girl called Eddy
Ben Harper & the blind boys of Alabama – There will be a light
Jill Scott – Beautifully human
Beverly Knight – Affirmation
Talib Kweli – The beautiful struggle
Thomas Dybdahl – One day you’ll dance for me, NYC
Natalie Gardiner
Kort oppsummert kan ein seie at A girl called Eddy var litt skuffande ut i frå det lille eg fekk høyre i vår – ‘litt’ Aimee Mann, men berre litt. Knight var òg litt skuffande, sjølv utan dei heilt store forventningane i utgangspunktet. Kweli var likeeins. Når det gjeld Dybdahl er juryen framleis ute (ingen «From grace» på det nye albumet, diverre). Gardiner sin debut var småfin, men ikkje meir – bortsett frå «For your love» som er fin. Jill Scott-plata er ein del betre, men framleis litt ujevn, likte kanskje spesielt sistesporet – Bedda at home.
Så kjem vi til pokalvinnarane, Ben Harper og the blind boys of Alabama, har høyrt lite på Harper tidlegare, men denne plata var verkeleg fin, mykje av æra går nok til blindingane (som visstnok har holdt det gåande sidan 1938 eller noko slikt…). Om ein ikkje får ei ny Solomon Burke-plate no så får ein klare seg med denne, spesielt spora «There will be a light» og «Picture of Jesus».
Elles går det framleis ein del i enkeltsongar av Gillian Welch – helst grusomt vakre «Everything is free» og harmonihimmelen «Wind & Rain» (med David Rawlings og David Steele). Ah, nye – gode plater er som musikk i mine øyrer.
Eg trur eg tør seie at det har skjedd ei endring, då eg var mindre såg eg ikkje noko gale i å kombinere skiver med leverpostei og raud saft, vidare hadde eg lommene fulle av skytestreng.
No et eg ikkje leverpostei lenger, drikk sjeldan raud saft – og eg har ikkje ei einaste lomme full av skytestreng.
Det er ikkje lett å følgje med i dei stadig svingande sminketrendane, er det jappe-punk eller rocke-chic som gjeld nett no? Når ein kjem opp i slike eksistensielle uføre er det godt å vite at ein alltid har VG å støtte seg på. Dei melder i dag at det er følgjande sminketrender som er gjeldande i haust:
Naturleg
Luksus-bohem
Viktoriansk
Kreativ glam
Takk VG, mitt sminkekompass!
Greit, det kjem ein dag i ein kvar manns liv der han må setje foten ned – og stå på den, stikke fingeren i jorda før tela kjem og generelt sett vere vrang og vanskeleg mot seg sjølv. Den dagen var i går, så no kan vi atter slappe av.
Nei, det er på tide å gjere som Cato Zahl-Pedersen og ta skeia i ei anna hand, slutte og klaske neve og halde fingrane frå tastaturet. Det er med andre ord tid for nettfri veke. Ja, du høyrde rett. Eg, Arild, kåra til evnerik EDB-ungdom tre år på rad (med tilhøyrande vandrepokal til odel og eige) lover å halde meg unna sanselaus surfing i sju dagar – ei heil veke.
Frå måndag 18. november til og med sundag 24. november skal eg halde min sti rein, vende det andre kinnet til, løyse kreftgåta – ja, alt mogleg anna enn å surfe. Eg skal la nullarar og einarar segle sin eigen sjø, medan eg glad og nøgd kastar meg over bøkene med kognitiv nevrovitskap. Det skal bli ei sann lise.
Neste prosjekt:
Frå eit liv med jus og brus til eit liv i sus og dus – Arild kokkelerer