Ytresogning skapte seg heilt

Skrive av Arild den 7. august 2004

Ein av dei kjekke tinga med å vere i Førde er at ein kan setje seg ned i ro og mak og ete frukost, mens ein les gjennom avisa Firda på to minutt. Høgdepunkta i avisa er ofte notisane om kva helga har ført med seg av ymse tyleferd. Firda skal ha ros for at dei får med seg kvar einaste gong ein eller annan sogning eller fjording har skapt seg tylen. Her kjem eit utdrag frå tysdagsfirda:

“Ein ytresogning skapte seg heilt, etter at han var kasta ut frå eit bryllaupslag i Borgund, fortel politivakt Einar Vereide. Mannen var full og krakilsk, og vasa seg ut på europavegen. Der stoppa han to polske trailerar som var på gjennomreise. Først prøvde han å ta seg inn den eine, og øydela dørhandtaket på den. Så gjekk han til den bakarste traileren, og knuste frontruta slik at den var heilt pulverisert, seier Vereide.”

Ein bøkanskje takke ytresogningane óg, eg føler dei lett kjem i skuggen av t.d. indresogningane resten av året. Eg trur nok Raggen H. smugles ein del i Firda, jamfør 400 mil frå Sogndalsfjøra.

Til slutt bør ein bukke og skrape for at Firda, ved eit lukketreff, har fått innført uttrykket jubeltelegrafen, takk!

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

ein kommentar til “Ytresogning skapte seg heilt”

  1. 1Arild Eikenæs Vengen | Lang dags ferd mot fnatt » Blog Archive » Sen gick det åt skogen – igen
    november 22nd, 2007 @ 21:45

    […] Fekk epost frå opphavet med mange utropsteikn, til dømes: “Dei tok skilta!!!!!”. Med så mange utropsteikn skjøna eg at dette var alvorleg. Einkvan hadde opna Poloen og forsynt seg med innhaldet, NRK Sogn og Fjordane er på saka. I den stolte mann-skapte-seg-tylen-tradisjonen kan NRK vidare melde at “godt vaksne sunnfjordingar kosa seg med sterkare saker på rutebilstasjonen i Førde”. Stjeling og drikking, kva blir det neste i trivselsfylket? Kortspel og dans? […]

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Alle gode ting er tre, men kven er best?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv