Arkiv for august, 2004
Ein bør berre eige sju ting - og ein av dei bør vere ein Lada Niva
onsdag, 25. august, 2004
Som ein allereie veit bør ein berre eige sju ting, det ein kanskje ikkje var klar over er at ein av desse tinga bør vere ein Lada Niva. Kvifor nett ein Lada Niva spør du? Vel, pussig at du skulle spørje. Det har ser slik at eg i fleire år har vore lett betatt av nett denne stygge bilen. Dette, igjen, heng nok saman med mi oppfatting av bilar. Skal ein først ha ein bil bør den helst vere skikkeleg god, og i følgje legen min kostar ein god bil det kvite ut av auga (eller ei månadsløn for ein lege) - det var forøvrig same lege som overtydde meg om at eg ville halde på det kvite i auga, eg er han evig takknemleg.
Men frå augekvite til bilar igjen. Skal det vere på den måten, tenkte eg, så greit for meg, då skal eg ha ein skikkeleg stygg, dårleg bil. Ikkje berre ein litt stygg - ein som ein støtt må vere redd for å ripe opp, eller la stå ute om natta - men ein skikkeleg stygg bil, gjerne såpass skranglevoren at ein må teipe den litt før den startar - og det er her Lada Niva kjem inn i biletet (som du ser nedanfor).

Utan at eg skal påberope meg eit einaste diplom i bilmekanikk, reknar eg med at ein Lada Niva er Bilen Sin™. Dette inneber ikkje at den alltid skal fungere, men at ein - om den skulle bli litt slakk - lett kan fikse den igjen ved å nytte seg av MacGyver-metoden. Eg ser óg føre meg at bilen verkeleg er ein ufin gut (bad boy) i terrenget, kanskje eg kan køyre til Afrika slik onkel Perus gjorde i si tid? Ah, med ein Lada Niva ville det truleg vore full fart, for alltid, og sol heile dagen.
Kortvarig lukke for Francis Macomber
onsdag, 18. august, 2004
Dei siste åra har eg hatt eit noko anstrengt forhold til fotolabane i Bergen, det har ikkje komt til handgemeng, men det har ikkje vore så langt unna heller…

Brygga i Skuteviken, Canonet og fjellstøe hender.
Musik ska byggast ut av glædje!
tysdag, 10. august, 2004
Som Lill sa, musikk og glede høyrer saman - som grashoppesvermar og kamelhårskapper - ja - som mjølk og honning. Her følgjer eit lite utkast til ei retteleg mjuk plate, sett saman i hui og hast av underteikna ein klam novemberdag i fjor. Ved nærare gjennomlesing- og gjennomhøyring, kan ein vel trekkje nokre av vala i tvil, men som morfar nokre gongar sa: “Feil manglar vi alle”.
1. Elton John - Are you ready for love?
2. Harold Melvin & the Blue Notes - The love I lost
3. James Ingram - If loving you is wrong
4. Bobby Caldwell - What you won’t do for love
5. Teddy Pendergrass - Wake up everybody
6. Jerry Butler - Make it easy on yourself
7. Curtis Stiger - I wonder why?
8. Bobby Caldwell & Marilyn Scott - Back to you
9. Tyrone Davis - In the mood
10. The Hollies - He ain’t heavy
11. The Intruders - Rainy days and mondays
12. The Stylistics - Betcha by golly, wow
13. The Spinners - Could it be I’m falling in love?
14. Cheryl Lynn - Got to be real
15. First Choice - Doctor Love
16. Marvin Gaye - Abraham, Martin & John
17. Solomon Burke - Sit this one out
18. Elliott Cass - Baby I’m yours
Kom gjerne med forslag om utskiftingar, samt lovprising av songvalet.
Ytresogning skapte seg heilt
laurdag, 7. august, 2004
Ein av dei kjekke tinga med å vere i Førde er at ein kan setje seg ned i ro og mak og ete frukost, mens ein les gjennom avisa Firda på to minutt. Høgdepunkta i avisa er ofte notisane om kva helga har ført med seg av ymse tyleferd. Firda skal ha ros for at dei får med seg kvar einaste gong ein eller annan sogning eller fjording har skapt seg tylen. Her kjem eit utdrag frå tysdagsfirda:
“Ein ytresogning skapte seg heilt, etter at han var kasta ut frå eit bryllaupslag i Borgund, fortel politivakt Einar Vereide. Mannen var full og krakilsk, og vasa seg ut på europavegen. Der stoppa han to polske trailerar som var på gjennomreise. Først prøvde han å ta seg inn den eine, og øydela dørhandtaket på den. Så gjekk han til den bakarste traileren, og knuste frontruta slik at den var heilt pulverisert, seier Vereide.”
Ein bøkanskje takke ytresogningane óg, eg føler dei lett kjem i skuggen av t.d. indresogningane resten av året. Eg trur nok Raggen H. smugles ein del i Firda, jamfør 400 mil frå Sogndalsfjøra.
Til slutt bør ein bukke og skrape for at Firda, ved eit lukketreff, har fått innført uttrykket jubeltelegrafen, takk!