Arkiv for juli, 2004
Bergen – Førde: Den lange reisa – eller: “Reisande til Petsamo”
sundag, 11. juli, 2004
Så var eg i Førde igjen, eg lærte meg nett korleis ein ikkje bør reise, om ein til dømes vil komme fram i tide. Her følgjer dagens oppskrift:
Start sånn rundt fire frå Strandkaiterminalen i Bergen, gå ombord i Fjordprins (for nokre namn!), set deg godt til rette, få beskjed om at ein av ymse grunnar (sommarruter) må bytte båt i Eivindvik (Sollibotn, hvor er nø det? Som Sputnik ville ha sagt), gå av bÃ¥ten i Sollibotn, vent på liten ambulansebåt (heretter kalla lisjekaren), vent på at dei tjue andre reisande (ei herleg blanding av lokalkjende hyttefolk og amerikanske turistar) får kreka seg ombord i nevnte lisjekar, gå ombord, ta den siste ledige ståplassen, vent ståande i ein tre kvarters tid – her får ein god tid til å tenkje over kvifor ein ikkje berre tok den mykje hata vestlandsekspressen. Etter ventinga er ein plutseleg framme i Rysjedalsvika, der står det ikkje mindre enn tre ventande bussar (den reisande legg seg på minnet at Rysjedalsvika openbert har blitt undervurdert som trafikalt knutepunkt, den reisande skammar seg så over denne feilvurderinga), etter å ha gått ombord i bussen til Førde trur ein at ein er på heimebane igjen, og ein ser nesten fram til å bli kvalm på strekninga Lavik-Vadheim, men den tungfota sjåføren vil det annleis, ved første og beste høve vrenger han bussen inn på ein særs svingete fjellsti, som ein etterkvart får vite fører til mellom anna Dale – og mykje seinare vil føre ein heilt fram til Førde. Så, pårutebilstasjonen blir ein helsa av kjende folk i bil og berre fem timar etter avreise er ein framme.
Den kløktige (og ikkje så reint lite smålege – om eg så får seie) matematikaren der ute vil nok sikkert undre seg lett over ein snitthastigheit på litt over tretti kilometer i timen, men slikt bryr sjølvsagt ikkje vi oss med.
Ein kan sikkert lære noko av dette, om ein vil.