Kryssprosessering - ein måtte jo prøve

Skrive av Arild den 6. juni 2004

Som vi alle veit er det ein del faser Den Ivrige Amatørfotograf må gå igjennom, mellom anna har ein nattbilete-fasen, russiske leiketøyskamera-fasen og kun svart/kvitt-fasen. Underteikna var ein eller annan gong i april i kryssprosesseringsfasen, og den kan jo vere litt ugrei å komme seg vidare frå, men eg kan nemne at eg no truleg er over det verste - og dei såg at det var godt.


krysstest(1).jpg

Så til fargane, det viste seg fort at det kun var eit fåtal lab’ar i Bergen som ville framkalle lysbilete i C-41-kjemi, deriblant Japan Photo. Som det gudsordet frå landet eg no ein gong er var eg naiv nok til å tru at dei ville gjere ein skapeleg jobb. Dette var første feilsteg. Andre feilsteg var at eg nytta meg av Sensia. Resultata var verken fine eller rare. Etter litt mailing med ein slik luguber internettfyr fann eg ut at Velvia kunne vere fin til kryssing. Ein mørk kveld sneik eg meg ned på Bontelabo og blåste raskt igjennom ein rull, som eg i min klokskap framkalla hjå Bergen fotolab. Resultata var vel ikkje fantastiske, men fargane var slik eg hadde venta meg, så då er eg nøgd - det var trass alt berre ein testrull. Neste rull ut er Provia, men det får bli ein annan gong.

krysstest(6).jpgkrysstest(5).jpgkrysstest(3).jpgkrysstest(2).jpg

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Alle gode ting er tre, men kven er best?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv