Promiskuøse pinsevener, Phil Collins og snurrige setningar

Skrive av Arild den 23. mai 2004

Synes det er verd å nemne at eg har nytta dagen til å samtale med ein som lettast kan kategoriserast som promiskuøs pinseven. Det har elles vist seg at Phil Collins og Phil Bailey (frå Earth, Wind & Fire) sin Easy lover frå 1984 er eit framifrå stykke popmusikk, når eg tenkjer meg om kan nok det same seiast om Little Feat sin Long distance love óg (kom over sistnemnde takka vere dagens P.I.L.S.) Det går med andre ord i gamlismusikk med kjærleikstematikk her på bruket.

Datt her om dagen over noko som kallast Hofstadters lov, den seier “it always takes longer than you think, even when you
take account of Hofstadter’s law”. Noko som jo var moro nok i seg sjølv, men skikkeleg moro vart det først når eg oppdaga at godaste Douglas Hofstadter hadde lira av seg følgjande perle:

“The proverbial German phenomenon of the verb-at-the-end about which droll tales of absentminded professors who would begin a sentence, ramble on for an entire lecture, and then finish up by rattling off a string of verbs by which their audience, for whom the stack had long since lost its coherence, would be totally nonplussed, are told, is an excellent example of linguistic recursion.”

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Piker, vin, eller sang?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv