Mykje lys og mykje varme
Skrive av Arild den 2. juli 2009

Ein av fleire fotogene onklar
Sommar! Lys og varme døgnet rundt, eg får knipsa ein del innimellom badinga, skal sjå om eg ikkje får tid til å poste litt fleire dei neste dagane.
Gunhild
Skrive av Arild den 20. juni 2009

Lyse netter i Bergen
K.
Skrive av Arild den 20. juni 2009

K30
Smörgåsbord
Skrive av Arild den 19. juni 2009

06:57 i går tidleg, frukost Synnestyle
Som den notoriske globetrottaren eg no eingong er, fann eg det for godt å fly meg ein til tur til Oslo. Som engsteleg vestlending har eg hatt mellomstore problem med hovudstaden tidlegare - den har kun gitt meg ein kald skulder å gråte på. Eg kan no melde om ei betring i forholdet mellom Arild & Oslo, mykje takka vere K. m/fam og ein heise fin konferanse om personlegdomsforstyrringar. No skal det psykologiserast! (og kanskje skal eg våge meg til Oslo att).
Der, ikkje her
Skrive av Arild den 11. juni 2009

Operasjon Oslo
Skrive av Arild den 9. juni 2009

Blomeslang
Skrive av Arild den 5. juni 2009

Hoppekraft / Tyngdeslått / Hoppeslott
Skrive av Arild den 5. juni 2009




Frå brureferd i Hardanger til tyleferd i Christiania. Eg har vore på spesialiseringskurs i hovudstaden, og fekk tid til å bli ein del av denne tradisjonen (eg fekk òg tid til å bli relativt dausjuk. Det er lite som er tristare enn ein sjuk mann aleine på eit hotellrom med karaokebar utanfor vindauget, har notert meg dette til seinare).
Progresjon / Resesjon / Progresesjon
Skrive av Arild den 29. mai 2009

Mellomalderparken
Eg fann. Eg fann. Ein eksponert, men ikkje framkalla, mellomformatsrull. 39 kroner seinare var den framkalla og desse bileta dukka opp.
Konfabulisme
Skrive av Arild den 28. mai 2009

to-åtte, og kafloff.
Strålande, smørje
Skrive av Arild den 24. mai 2009

Kirsebærtre, før stormen
Her kjem nokre samanraska knips frå maidagar i Bergen.
Victor
Skrive av Arild den 18. mai 2009

Ein litt sliten Hasselblad 500c/m besøker Muséhagen
OK, det er litt vanskeleg å få posta nye bilete nett no, då eg er på filmgaleien att. Eg må finne ein måte å skremme mellomformatnegativa inn i Mac´en. Det har hopa seg opp med Hasselblad for tida, eg sit no på eit Hasselblad 500c, eit Hasselblad 500c/m, to Zeiss Planar 80/2.8, eit Zeiss Distagon 50/4 - og tre bakstykke. Må nok kvitte meg med ein del, men først skal det leikast.
Løvipan
Skrive av Arild den 10. mai 2009



Vurderer ny fast spalte: Klisjésundag
Logen
Skrive av Arild den 5. mai 2009

Opp med handa dei som trivst på Logen
Os, ro, øy - sol, mai, båt - grill
Skrive av Arild den 1. mai 2009

Pølse
Kostebinderiet
Skrive av Arild den 30. april 2009

Working together
Blitzarar i månelys
Skrive av Arild den 29. april 2009

Karmaklubben/Kameraklubben på Verftet i går kveld
Semipermeabel
Skrive av Arild den 26. april 2009

Fjorden baby!
Til Monskarolinas vener: Oselvaren vart i dag sjøsett for sesongen, teipen har løsna og åra var framleis knekt - vi kan likevel melde om at Monskarolina framleis flyt betre enn Titanic (det var 50-50, så vi tok med alle redningsvestane vi fann).
Herr Fotograf
Skrive av Arild den 26. april 2009

Muséhagen
Fregntid
Skrive av Arild den 20. april 2009
